Stort sett nøgde med lokaldemokratiet

Stort sett nøgde med lokaldemokratiet

I samband med arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og berekraftsmål 16: Fred, rettferd og velfungerande institusjonar har KS på oppdrag frå Volda kommune gjennomført ei lokaldemokratiundersøking i kommunen. Resultata viser at både dei folkevalte og innbyggjarane stort sett er meir fornøgde enn misfornøgde med dei fleste sidene ved lokaldemokratiet.

Todelt undersøking

Undersøkinga består av ein innbyggjardel og ein folkevaltdel. Innbyggardelen vart gjennomført i juni 2021, som telefonintervju med eit representativt utval på 652 innbyggjarar i kommunen. Folkevaltdelen vart gjennomført elektronisk på kommunestyremøtet 17. juni 2021. I undersøkinga vart innbyggjarar og folkevalte i kommunestyret stilt spørsmål om korleis dei vurderer lokaldemokratiet i eiga kommune.

Innbyggjardelen

Resultata viser at innbyggjarane i Nye Volda stort sett er meir fornøgde enn misfornøgde med dei fleste sidene ved lokaldemokratiet. Resultata frå Volda skil seg samla sett ikkje vesentleg frå landssnittet.

Når ein undersøkar innbyggjarane i tidlegare Hornindal og tidlegare Volda separat, ser ein at innbyggjarane i tidlegare Volda er meir tilfredse enn innbyggjarane i tidlegare Hornindal. Innbyggjarar i tidlegare Volda føler seg betre informert og synes det er lettare å halde seg orientert om kommunepolitikk enn innbyggjarane i tidlegare Hornindal. Færre i Hornindal er fornøgd med måten kommunen taklar utfordringane den står overfor. I begge dei tidlegare kommunane er fleirtalet fornøgd med tenestetilbodet, men innbyggjarar i tidlegare Volda er meir fornøgde enn innbyggjarar i Hornindal.

Folkevaltdelen

Resultata viser at dei folkevalte stort sett er meir fornøgde enn misfornøgde med dei fleste sidene ved lokaldemokratiet. Dei folkevalte er også meir fornøgde enn innbyggjarane.

Resultata for dei folkevalte skil seg samla sett ikkje vesentleg frå snittet for landet, men det er nokre skilnader. Under tema ”forholdet til administrasjonen” skil Volda seg noko frå snittet for landet - i positiv retning. Dei folkevalte opplever at det er eit godt samarbeid mellom dei folkevalte og administrasjonen, det er klare ansvarsliner i forholdet mellom politikk og administrasjon og administrasjonen si iverksetting av vedtak fungerer tilfredsstillande. Når det gjeld temaet ”arbeidet som folkevalt” skil resultata for Volda seg samla sett noko frå landsnittet, i negativ retning. Dette tyder på at dei folkevalte i Volda trivst noko dårlegare i arbeidet som folkevalt, enn landssnittet.

Resultata frå undersøkinga er tilgjengeleg på denne linken: https://datastudio.google.com/reporting/87d0faa5-1081-4a3e-b7b8-82591b6d4689/page/p_o8p5ombknc

Eigen rapport om innbyggjardelen er tilgjengeleg her (PDF, 174 kB).

KS vil presentere undersøkinga i kommunestyremøtet 25. november.