Student som melder flytting til Volda?

Student som melder flytting til Volda?

Bilde av ei hand som held opp kort som det står inni raudt hjarte "med hjart for Volda" Voldakoret. - Klikk for stort bilete Volda Næringsforum

Møt ordførar Sølvi Dimmen og saksbehandlar Elisabeth  Gamlem Lødemel på Berte Kanutte-huset måndag 16. januar.

Dei finn du på stand mellom klokka 11-13 måndag 16. januar klare til å svare på spørsmål og hjelpe deg med å søke om Voldakortet for for studentar. 

Det er nytt semester og fleire studentar som melder flytting kan søke om å få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. 

Ta meg til søknadsskjema

Sjå kvar du kan bruke Voldakortet

Har du fått innvilga Voldakortet kan du hente det på Servicekontoret, Volda rådhus, Stormyra 2. Opningstida er 9-15.

Spørsmål om korleis du kan bruke Voldakortet? Ta kontakt med vår samarbeidspartnar, Volda Næringsforum.

Informasjon om stønadsordning for studentar som flyttar til Volda

Er du student og har meldt flytting til Volda, kan du få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. Du må melde flytting før du søker. Meld flytting via sidene til Skatteetaten - det kan ta tid å få registrert di nye adresse. 

Voldakortet kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvere, serveringsstader m.v. - i teorien dei fleste stader du kan betale med kortterminal i Volda. 

Oversikt over kvar du kan bruke Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum.

Denne studentinsentivordninga vart vedteken i kommunestyremøte 18.06.20 sak 66/20.(PDF, 328 kB) Ordninga har i prøvetid på tre år og vart sett i verk hausten 2020.


Vilkår

  1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
  2. Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
  3. Internasjonale studentar som flyttar til Volda for å studere over fleire studieår, kan søke om Voldakortet for studentar. Du må legge fram dokumentasjon frå Høgskulen i Volda på at du skal studere i Volda over fleire år.  
  4. Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste studieåra og kunne leggje fram flyttemelding frå skatteetaten med folkeregistrert adresse i Volda.
  5. Du kan søke ordninga ein gong.
  6. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
  7. Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift, samt krav i punkt 3.

Slik går du fram

Meld flytting no - det kan ta tid å få registrert di nye adresse.

  1. Meld flytting til folkeregisteret via sidene til Skatteetaten.
    • Det kan ta inntil 3 veker før Skatteetaten har endra adressa di.
    • Når di nye adresse er registrert vil du få kvittering i Altinn.
    • Har du meldt flytting tidlegare, men manglar flyttemelding, kan du bestille bustadattest frå Skatteetaten.
  2. Gå til: Søknadsskjema - Voldakortet for studentar. Du må laste opp:
    • Flyttemelding/bustadattest (frå Skatteetaten).
    • Kvittering på betalt semesteravgift.
    • Utanlandske studentar må legge ved dokumentasjon frå Høgskulen i Volda om at dei skal studere i Volda over fleire år.
  1. Når søknaden er godkjent få du stadfesting på e-post, med informasjon om at du kan hente Voldakortet. 
  2. Hugs å ta med stadfesting på at du er innvilga Voldakortet og gyldig legitimasjon.

Søknaden blir handsama i samsvar med GDPR.

Her finn du "spørsmål og svar" om Voldakortet for studentar.

 

Kontakt sakshandsamar:

Elisabeth Gamlem Lødemel, e-post, tilgjengeleg: måndag og fredag på telefon 47 67 08 10