Kva gjer du dersom ei krise oppstår og du ikkje får brukt mobiltelefonen eller internett? Volda kommune har peikt ut informasjonspunkt der innbyggjarane kan få trygg og oppdatert informasjon ved ekstraordinære situasjonar, dersom dei vanlege kommunikasjonskanalane ikkje fungerer.
I denne videoen fortel ordføraren om informasjonspunkta i kommunen, kvar du finn dei, og kvifor det er viktig å vite om dei før ei eventuell krise oppstår.
Sjå videoen på YouTube
På denne sida har vi samla informasjon som kan vere nyttig ved kriser og ekstraordinære situasjonar:
volda.kommune.no/beredskap
Viktig informasjon ved langvarig bortfall av e-kom eller hjelp ved ekstraordinær situasjonar
- Hornindal omsorgssenter Urdene 9, 6763 Hornindal
- Folkestadtun Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad
- Volda rådhus (opningstid 08.00-15.30 kvardagar) Stormyra 2, 6100 Volda
- Dravlaus branndepot, Dalsfjordvegen 603, 6133 Lauvstad
- Bjørke - Tussa kraftverk, portalbygget ved sida av tunnelinnslaget til Leiratunnelen, Hjørundfjordvegen 133, 6190 Bjørke