Vil du lære å bruke nettbrett? No kan du låne eit - heilt gratis!

Vil du lære å bruke nettbrett? No kan du låne eit - heilt gratis!

No kan innbyggjarar over 65 år få låne med seg nettbrett heim som ein del av pilotprosjektet Fleire digitale eldre. 

I Volda kommune vil vi at alle skal kunne ta del i det digitale samfunnet. Derfor låner vi ut nettbrett heilt gratis på Volda folkebibliotek. Ta nettbrettet med heim, og bli kjent med korleis det fungerer, og kva du kan bruke det til – i ditt eige tempo. Det er ofte den beste måten å lære på.

Ein må signere eigen låneavtale før ein får med seg nettbrett heim. 

Som ein del av prosjektet kan ein også delta på opne samlingar, Digitale saman, og bestille heimebesøk for å få digital opplæring heime. Les meir om prosjektet her.

Det er aldri for seint å lære noko nytt!

Plakat utlån av nettbrett - Klikk for stort bilete