Volda er kåra til Årets nynorskkommune 2026!

Volda er kåra til Årets nynorskkommune 2026!

Volda kommune er tildelt prisen Årets nynorskkommune 2026. Juryen trekkjer særleg fram kommunen sitt langsiktige og systematiske arbeid for nynorsk, med lesing, litteratur og språkglede som viktige satsingsområde.

Utdeling av pris for årets nynorskkommune 2026 - Klikk for stort bileteF.v. Nina Teigland (konstituert direktør i Språkrådet), Sølvi Dimmen (ordførar Volda kommune), Rune Sjurgard (kommunedirektør Volda kommune) og Lubna Jaffery (kultur- og likestillingsminister) fotograferte i Målstova i Nasjonalbilbioteket. Annvor Seim Vestrheim, Språkrådet

Prisen vart delt ut tysdag 13. oktober av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Prisen er på 200 000 kroner og blir delt ut annakvart år av Kultur- og likestillingsdepartementet.

Nynorsk gjennom heile livet

I grunngjevinga legg juryen vekt på at Volda kommune arbeider aktivt for at nynorsk skal vere eit naturleg språk gjennom heile livet – frå barnehage og skule til kommunale tenester, kultur og næringsliv.

Juryen trekkjer også fram det solide nynorskarbeidet som har vore gjort i kommunen gjennom mange år, og uttrykkjer overrasking over at Volda ikkje har fått prisen tidlegare.

Langsiktig satsing på lesing og litteratur

I år har juryen lagt særleg vekt på arbeidet med lesing og nynorsk litteratur. Eit av tiltaka som blir trekt fram, er prosjektet «Nynorsk leseperiode» ved Volda ungdomsskule, som har vore gjennomført i snart 20 år.

Gjennom samarbeid mellom barnehagar, skular, bibliotek, Nynorsksenteret og andre fagmiljø får barn og unge møte nynorsk litteratur og utvikle leseglede frå tidleg alder.

Juryen framhevar at arbeidet med nynorsk språk og kulturarv er ein naturleg del av den daglege drifta i Volda kommune, og at kommunen viser både stoltheit og medvit om dei lange nynorsktradisjonane i lokalsamfunnet.

Grunngjevinga for kåringa

Årets nynorskkommune 2026 

Vinnaren av årets nynorskkommune overraska folk i juryen og andre som fekk vita om det på førehand: «Har ikkje dei vunne før?» 

Det har dei ikkje, men kjennskapen til det solide arbeidet kommunen har gjort for og på nynorsk gjennom mange år har kanskje gjort at ein har rekna med at dei alt hadde motteke denne kåringa frå før. 

Kommunen skriv at dei ikkje berre vil syta for at borna møter nynorsken i barnehage og skule, men at nynorsken skal fylgja med tenestene frå kommunen gjennom heile livsløpet – nynorsk frå krybbe til grav, med andre ord. 

Årets prisvinnar arbeider aktivt med at næringslivet skal nytta nynorsk, til dømes gjennom eit næringsforum som mellom anna rettleier verksemder som tykkjer det er utfordrande å nytta nynorsk. Næringsforumet har vore ein pådrivar for ei nynorskorganisering i heile regionen. 

Juryen for årets pris ville leggja særleg vekt på lesing og litteratur på nynorsk. Ein kan vel seia at nærare utgangspunktet for nynorsk litteratur er det vanskeleg å koma. Dei fyrste tankane om eit nynorsk skriftspråk kom kanskje ved ei boksamling i denne kommunen. Og nokre av dei fyrste tekstane på dette språket vart prenta her. 

Kommunen har såleis mykje å slekta på, og gjer ein stor innsats for nynorsk litteratur, med ei langsiktig satsing. Til dømes har ungdomsskulen hatt prosjektet «Nynorsk leseperiode» i snart tjue år, der elevane får tilgang til eit breitt utval nynorske bøker med eit pedagogisk opplegg over fleire veker. Det er samarbeid med skulebibliotek, folkebibliotek, litteraturhus, Nynorsksenteret og andre for å fremja leseglede og interesse for bøker. 

Det vil føra for langt å nemna opp alle gode tiltak og alt prisverdig arbeid – men det som pregar nominasjonsteksten frå vinnarkommunen er seriøsitet og stoltheit. Arbeidet med nynorsk språk og kulturarv er del av den kvardagslege drifta av kommunen, med eit medvit om dei lange tradisjonane nynorsken og målreisinga har i Volda. 

Volda kommune får prisen «Årets nynorskkommune» – til lukke!

Les meir på Språkrådet si heimeside: Volda er årets nynorskkommune