Melde frå til barnevernet

Melde frå til barnevernet

Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet.

Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har sagt i frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.

Slik melder du frå:

Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding (for privatpersoner)

For offentlig ansatte og fagpersoner med meldeplikt: Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding

 

Vi rår til at du nyttar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Om det ikkje er mogleg for deg å nytte det digitale skjemaet eller om du vil vere anonym overfor barnevernet, kan du laste ned eit meldingsskjema som du fyller ut og sender til barnevernstenesta i kommuna. NB: Dette skjemaet må sendast i posten og ikkje via e-post.