Kick-off for heiltidskultur 2024

Kick-off for heiltidskultur 2024

Onsdag 7. februar 2024 samlast STIM-gruppene i helse og omsorg, barnehage, skule og reinhald til den årlege kick-off samlinga for Heiltidskultur i Volda kommune.

Leif E. Moland (Fafo)

Det er eitt år sidan startsskotet for heiltidskulturprosjektet i Volda kommune.  No samlast dei same deltakarane som under kick-off i fjor til oppsummering av kva vi har gjort, lært og erfart i det første prosjektåret. 

Også i år får vi besøk av fleire eksterne innleiarar: Fafo-forskar Leif E. Moland kjem med heilt ny forsking om heiltidsøkonomi, Siril Solberg Linde frå KLP vil belyse kva konsekvensar deltid har for framtidig pensjon, før Sintef-forskar Marte Pettersen Buvik deltek med ny forsking om rasjonelle og emosjonelle krav og belastningar i yrker der ein jobbar for og med menneske. Vi avsluttar dagen med gruppearbeid og dialog om vegen vidare i heiltidskulturprosjektet.

 

Program:

  • Status i Volda - kva skjedde i 2023, kva har vi gjort, lært og erfart?
  • Økonomiske kostnader og gevinstar ved å utvikle heiltidskultur i kommunale tenester v/Leif E. Moland (Fafo)
  • Deltidsarbeid og pensjon v/Siril Solberg Linde, (KLP)
  • Relasjonelle og emosjonelle belastningar i arbeidet v/Marte Pettersen Buvik (Sintef)
Marte Pettersen Buvik (Sintef)
  • Kva bør heiltidsprosjektet ha fokus på i 2024?

 

Program for Kick-off 2024 (PDF, 265 kB)

 

Aktuelle linkar: