Oppgåvekartlegging og oppgåvedeling

Oppgåvekartlegging og oppgåvedeling

Oppgåvedeling, bygd nedanfrå. NOU 2023:4 kap. 8 s. 132 om oppgåvedeling. - Klikk for stort bileteOppgåvedeling bygd nedanfrå. NOU 2023:4 kap. 8 s. 132.

Som ein del av satsinga på heiltidskultur for betre tenestekvalitet, større stillingar og meir kontinuitet i bemanninga, starta vi i 2023 eit kompetanseløp med mål om å skape felles kunnskap for varig endring.

Vi starta opplæring i oppgåvekartlegging for tilsette i helse og omsorg for å sikre ei meir berekraftig og effektiv oppgåvedeling.

Hornindal omsorgssenter og heimetenesta var pilot.

Opplæringa gjekk over fire dagar fordelt på to samlingar våren 2023, med støtte frå KS Konsulent.

 

2 damer - Klikk for stort bileteOppgåvekartlegging i heimetenesta i Hornindal 2023. Volda kommune

 

Deltakarane var STIM-gruppa frå dei to tenestene, prosjektgruppa og observatørar (leiarar og tilsette) frå andre einingar i helse og omsorg.

Med utgangspunkt i ny oppgåvedeling innførte tenestene i Hornindal ein 12 vekers turnus med langvakter på helg og natt frå september 2024, som vart evaluert tidleg i 2025.

 

  • Tiltak

    Oppgåvekartlegging i Tørn 2024-2025

     

    Møte - Klikk for stort bileteOppgåvekartlegging i Kleppevegen 05.06.2024 Volda kommune
    Opplæring i oppgåvekartlegging mai og juni 2023
    Samlingar med opplæring i oppgåvekartlegging i helse og omsorg
    2023 Aktivitet Deltakarar
    22. mai Fellessamling 1: Teori og trening i case STIM-gruppene i institusjonstenesta. 2-4 observatørar frå kvar avdeling i helse og omsorg
    23. mai Arbeidsøkt 1: Design av dagens praksis på eigen arbeidsplass. Oppgåvekartlegging STIM-gruppene i institusjonstenesta
    6. juni Fellessamling 2: Deling av erfaringar frå eigen arbeidsplass – kva kan vi lære av kvarandre? Erfaringsdeling- kva oppgåver er det mogleg å løyse på tvers? STIM-gruppene i institusjonstenesta. 2-4 observatørar frå kvar avdeling i helse og omsorg
    7. juni Arbeidsøkt 2: Redesign på eigen arbeidsplass – også med fokus på moglege fellesløysingar STIM-gruppene i institusjonstenesta

     

    Trivselsarbeidar - sommarjobb for ungdom

    Sektor Helse og omsorg har behov for ferievikarar til praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimane i Volda og Hornindal, samt Barstadtun og Fjordsyn omsorgsbustadar.

    Etter opplæring i oppgåvekartlegging i mai/juni 2023, starta institusjonstenesta ei prøveordning med servicevakter for ungdom i sommarferien. Etter evaluering med ungdommane vart stillingane omdøypte til trivselsarbeidar. I prøveåret deltok 16 ungdommar (15-17 år) frå 26. juni til 20. august 2023. To var plasserte på Hornindal omsorgssenter og 14 på Volda omsorgssenter. Dei arbeidde i turnus; dagvakt 08.00-14.00, kveldsvakt 15.00-21.00, og helgevakt 12.00-20.00. Ordninga har fått mange positive tilbakemeldingar frå bebuarar, pårørande og tilsette, og Volda kommune har valt å vidareføre den.

    Før oppstart deltek ungdomane i fellesopplæring og får namneskilt merka med trivselsarbeidar. Dei får omvising og informasjon om arbeidsoppgåver dei skal, og ikkje skal utføre, som stell, toalettbesøk og mating. Etter ferien deltek dei i evaluering for å dele erfaringar og gi innspel til endringar for neste sommar. 

    • Arbeidsoppgåver for trivselsarbeidarane:

      • Dekke bord og førebu måltid
      • Hjelpe til å servere ved måltida – rydde opp etter måltid
      • Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
      • Delta på ulike aktivitetar saman med bebuarar og tilsette slik vi kan gi bebuarane ein aktiv og meiningsfylt kvardag
      • Andre praktiske oppgåver som til dømes; rydding av rom, fylle i skap, skifte på seng, enkle reinhaldsoppgåver

     

    Rekrutteringstiltak

    Volda kommune ser på ordninga med trivselsarbeidarar som eit rekrutteringstiltak. Mange som startar i slike stillingar, fortset i helseyrket etter fylte 18 år og går vidare på helseutdanning som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar. Gitt den framtidige mangel på helsepersonell, er det viktig å starte rekrutteringa tidleg.

     

    Artiklar om ordninga: