Tørn Volda kommune

Tørn Volda kommune

Frå 2024 er Volda kommune med i KS sitt Tørn Kommune program, som er eit nasjonalt læringsnettverk for ny organisering av oppgåvene og arbeidstida, der vi skal arbeide med ny oppgåvedeling, tenestestyrt bemanningsplanlegging og ny arbeidstidsordning. 

Tørn-pilot i Volda er Kleppevegen, som er ein del av bu og habiliteringstenesta i sektor helse og omsorg. 

I Volda kommune sin søknad (PDF, 3 MB) om Tørn-deltaking er det vist til behov for omstilling i bu- og habiliteringstenesta:

Over tid har vi tilpassa tenesta etter ressurstilgang. Fleire tenestemottakarar har medført endra fordeling av tilgjengeleg ressurs, og det har ikkje vore automatikk i å auke opp nye ressursar med endring i tenestemottakarar. Vi har kome i ein situasjon der vi må gå gjennom ressursar, vedtak, organisering, og forsvarlegheit for å lande ei ny tryggheit i korleis forvalte eksisterande ressursar. Det er ei ny tid og vi må tilpasse oss dette. Vi må skape ro, tryggheit og vissheit om at ressursane vert reflektert forvalta og at det er samsvar mellom tenester og vedtak. Vi må meistre å kombinere dette inn mot eit tenesteytarperspektiv som stimulerer til godt arbeidsmiljø, gode og klare tenesteoppdrag, godt samsvar mellom planlagde og utførte oppdrag, gjennom god ressursforvaltning som skaper stabilitet og rekruttering til stillingar. Tilsette skal oppleve seg som kontinuitetsbærarar og identifisere seg sjølv som avgjerande for god kvalitetsleveranse med avgjerande kompetanse for oppdrag dei er sett til. 

 

Kva er Tørn Kommune?

Tørn Kommune gjer forsøk med organisering av arbeidet og arbeidstida i kommunale helse- og omsorgstenester, og er eitt av tre delprogram i det nasjonale Tørn-programmet i regi av KS i tett samarbeid med Fagforbundet, FO, Delta, NSF og Ergoterapeutene. Delprogrammet bidrar til å finne løysingar for berekraftig bruk og utvikling av helsefagleg kompetanse, gitt utfordringane mange kommunar opplever knytt til rekruttering, deltid og økonomi. I dag deltek 174 kommunar i Tørn programmet.

 

Tørn digital verktøykasse 

- viser nyttige framgangsmåtar og verktøy for utviklingsarbeidet, og erfaringar i andre pilotkommunar.

Rettleiar 1 - Ny oppgåvedeling - frå planleggingsfase til testing og implementering

 

Rettleiar 2 - Ny organisering av arbeidet og arbeidstida

 

Evaluering av Tørn

Fafo har evaluert Tørn i 60 deltakarkommunar fram til høsten 2023. Evalueringsrapporten om Tørn viser korleis Tørn gjennom opplæring, rettleiing og erfaringsdeling har motivert og støtta kommunar i omstillings- og utviklingsarbeidet. I rapporten vert innhald og gjennomføringa av nettverksaktivitetar og lokale utviklingstiltak skildra, og deretter kva resultat som er oppnådd. 

 

Arbeidsgruppe for Tørn Volda kommune, Kleppevegen

STIM-gruppa i Kleppevegen utgjer den partssamansette arbeidsgruppa på arbeidsplassen, og prosjektleiar for Tørn i Volda kommune, Nina Kvalen. 

STIM står for: Samarbeid, Tryggleik, Inkludering, Miljø.

Arbeidsgruppe Tørn Volda, Kleppevegen: F.v.: Nina Kvalen (prosjektleiar), Monika Mierzejewska (seksjonsleiar), Torunn Hagen Steinnes (tillitsvald Fagforbundet), Lars Kåre Vikestrand (verneombod). I tillegg er Silje Terese Heltne (tillitsvald FO) medlem av arbeidsgruppa (ikkje til stades på biletet).

 

Motivasjon for å delta i Tørn Kommune programmet

Kleppevegen sin motivasjon for å delta i læringsnettverket er å utvikle, utprøve og sette i verk i varig drift, organisering av oppgåvene og arbeidstida, som gjer best mogleg bruk av tilgjengelege medarbeidarressursar som fremjar kontinuitet og kvalitet i tenestene til det beste for brukarane. Gjennom prosessar i sektoren og i prosjektarbeidet med heiltidskultur er det etablert felles ståstad. Målet er at ny organisering skal bidra til å bygge heiltidskultur og auke andelen medarbeidararar med formell helsefagleg kompetanse.

 

Oversikt over samlingar i Tørn Kommuneprogrammet 2024-2025

 

Aktuelle linkar