Utlysingspraksis og rekrutteringsstrategi

Utlysingspraksis og rekrutteringsstrategi

I Heiltidserklæringa mellom Volda kommune og arbeidstakarorganisasjonane stadfestar partane at dei saman vil arbeide for å bygge ein heiltidskultur i Volda kommune. Ein heiltidskultur betyr at størsteparten av dei tilsette jobbar heiltid.  Vi har mål og ambisjonar om å utvikle ein heltidskultur, samtidig som det det i dag blir lyst ut mange deltidsstillingar.

I 2024 er det etablert tre delprosjekt i arbeidet med å utvikle ein heiltidskultur i Volda kommune. Målet med delprosjektet Utlysingspraksis og rekrutteringsstrategi,  er å avdekke om utlysingspraksisen vår kan vere ein barriere for heiltidskultur.  Vi vil vi sjå på korleis praksisen er i Volda kommune når vi lyser ut ledige stillingar. Er vi flinke til å vurdere behovet når nokon sluttar og ei stilling blir ledig? Kva er det vi eigentleg treng? Skal vi ha noko anna enn det vi hadde i går? Korleis ser utlysingsteksta ut? Kva er det vi søker etter?

Mandatet til prosjektgruppa er å kome med anbefaling til utlysingspraksis og forslag til endring i rekrutteringsstrategi. Prosjektgruppa er samansett av: Berit Lyngstad (prosjekteigar), Britt Helen Rognstad (personal), Bente Vatnehol, (personal), Heidi Jeiskeli Wiik (personal),  Ingunn Gjengedal (helse og omsorg), Anita Gaarder (barnehage), Line Homberset (skule), Cathrin Fremmerlid (hovudtillitsvald) og Knut Øystein Ekroll (hovudtillitsvald).

 

I arbeidet skal vi skal bruke KS sitt verktøy for utlysing av heiltidsstillingar.  

Fem fasar for god utlysingspraksis, KS.

Verktøyet er bygd opp med fem fasar frå ei stilling blir ledig og fram til tilsetting, med vesentlege element som skal til for både å realisere og operasjonalisere ein utlysingspraksis som støttar opp om å utvikle ein heltidskultur.


FAFO-rapporten om utlysningspraksis i kommunane er sentral og bekreftar at måten stillingar vert lyst ut på underbygger ein deltidskultur, og gjer det vanskeleg å etablere ein heiltidskultur. Stillingar vert lyst ut på auto- repeat, og turnusar går i arv.  Barrierane er mange, både knytt til økonomi, organisering, helgearbeid osv.  Forskinga viser at det er mogleg å endre praksis, og rapporten kjem med gode råd og anbefalinger på kva som bør gjerast. 

 

Aktuelle linkar

FoU: Utlysingspraksis er viktig for heltidskultur