Innsyn kommunale utgifter
Logg inn og sjå dine fakturaar frå kommunen
Vil du ha månadleg faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt?
Du kan få månadleg fakturering for kommunale gebyr og eigedomsskatt.
Vi får av og til spørsmål om faktura knytt til enten digipost, avtalegiro og/eller e-faktura.
Digipost
Ofte når ein manglar ein faktura, så handlar dette om at fakturaen er blitt sendt til digipost (di digitale postkasse) i staden for di vanlege postkasse. Vi har vore i kontakt med digipost, som opplyser om at dei som opprettar ein konto på digipost, godtek at det offentlege kan sende brev som t.d. faktura her.
Om du ikkje ønskjer å få offentlege brev og faktura i di digitale postkasse, må du reservere deg. Dette er ei personleg sak, som kommunen ikkje kan gjere for deg. Her finn du ein rettleiar for korleis du går fram for å reservere deg: Reservasjon mot digital post
Har du problem, kan du ringe tlf: 800 30 300
Andre spørsmål om digipost, får du svar på her: Norge.no - Digipost
Avtalegiro/e-faktura
Vi får av og til spørsmål om kvifor ein ikkje kan sjå faktura i nettbank når ein har avtalegiro. Svaret frå banken er at det ikkje er ei slik visning av faktura ved avtalegiro i nettbank, men at ein kan gå inn på avtalen og hake av at ein ynskjer kopi av faktura tilsendt i postkassa.
Ved e-faktura er det ingen problem med å få opp faktura i nettbank, denne løysinga fungerar fint i nettbank.
Om du har fleire spørsmål knytt til dette, kan du kontakte din private bank.