Utleige av kontorlokale på Smia

Volda kommune leiger ut kontorplassar på dagsbasis på Smia i Hornindal.

Kontoret er utstyrt med kontorpult, stol, 2 skjermar, tastatur og mus. Det kostar 200 kroner for ein dag.

Kontoret leigast som det er, kommunen har ingen ansvar for eventuelle driftsmessige konsekvensar leigetakar måtte ha ved driftsstans eller andre avvik under leigetida.

Leigetakar må gjere seg kjent med branninstruksar som er gjort til kjenne i lokalet.

Tilgang på internett via trådlaus løysning.

Bestilling gjer du på nett og betalinga skjer med Vipps: https://romis.no/booking-c/volda-kommune-smia

 

Salsvilkår for leige av kommunale lokale