Trinn 1 Ein attraktiv og inkluderande kommuneVilje til å lykkast samanSlik vil vi ha det: Canva Volda er ein raus og inkluderande kommune med aktive og engasjerte innbyggarar, levande og attraktive lokalsamfunn, og likeverdige moglegheiter til eit godt liv.Innbyggarane i Volda deltek og engasjerer seg i utviklinga av eige nærmiljø.Slik gjer vi det:Vi legg til rette for tilgjengelege møteplassar og fellesskap saman med innbyggaraneVi samarbeider med frivillige og andre samfunnsaktørar for å sikre attraktive og levande lokalsamfunnVi styrkjer inkluderande fellesskapVi gjer det enkelt for innbyggarane å engasjere seg i utviklinga av kommunen Dette kan du gjere sjølv:Bruk beina eller bussen når du skal ein stad.Delta i arbeid, aktivitet eller utdanning.Vurder om bustaden din er tilpassa behova dine no og i framtida.Bli med i ein fritidsaktivitet.Følg barn eller barnebarn til skule, barnehage eller fritidsaktivitetar.Bruk nærmiljøet, byen og marka.Engasjer deg som frivillig.Snakk med folk frå ulike generasjonar og kulturar om kva dei er opptekne av.Slå av ein prat med naboen – kanskje hen treng hjelp til å plukke eple, måke snø eller flytte møblar.Ta med familie eller vener på opplevingar. Les meir om trinn 1 og kva tilbod vi har i Volda Møteplassar og aktivitetBiblioteket (gratis møteplass for alle, debattarena, formidlar av aktivitetar, opplevingar, informasjon og opplæring)Volda filmteater (kino)Forsamlingshus (klubb-/lags-/student-/samfunns- og grendahus)Volda bygdetun (Attraksjonar i Volda)Kulturarrangement/festivalar (Voldadagane, kulturdagar i Hornindal). Sjekk FriskusAktivitetstilbod/arrangement i regi av kommune, menigheiter, frivillige lag, private aktørar. Sjekk FriskusMusikkbingar (gratis øvingslokale for born/unge)Senioruniversitetet (Facebook)Kaféar/restaurantar/butikkar/kjøpesenter (sosiale møteplassar og «børsar»)Parkar, benkar (sosiale møteplassar og «børsar» utandørs)Religiøse arenaer (Frikyrkja, Pinsekyrkja, Den norske kyrkje, Uppheim, Betel)Kulturskulen Friluftsliv og fysisk aktivitetGymsalar(Bratteberg, Mork, Dalsfjord, Hornindal, Folkestad) Idretts- og fleirbrukshallar (Volda Campus Sparebank 1 Arena, Honndalshallen)Symjehallar og symjegrupper (Voldabadet, Dalsfjorden, Bjørke, varmtvassbasseng sjukehuset)Treningssenter Idretts- og akivitetsanlegg (skisenter, stadion, baner, sandvolleyball, lysløyper, skøyteis, frisbee-golf, golf) Leike- og aktivitetsområde/nærmiljøanlegg (skular og barnehagar, i bustadområde, ved Rådhuset)Friluftsområde/turstiar, StikkUT!BadeplassarOrganiserte fritidsaktivitetar Sjekk FriskusArrangement for fysisk aktivitet (Rotevatnet rundt, Volda bakgårdsultra, Melshornet opp, Hornindalsvatnet maraton). Sjekk FriskusBUA («Barn-unge-aktivitet» – gratis utlån utstyr i Volda og Hornindal) Råd, rettleiing og tilretteleggingUniversell utforming (barnehagar, møteplassar, skular og andre kommunale bygg og uteområde som leikeplassar, parkar og nærmijøanlegg)Demensvenleg kommuneFormidling av nasjonale tilskotsordningar (tilskotsportalen, spelemidlar)Kommunale tilskot/råd/rettleiing til frivillige SpelemiddelsøknadarServicekontorHelsefremmande bumiljø og varierte bustadtilbod for alle livsfasar Matkasser med heimlevering (ikkje i heile kommunen)Infrastruktur: Sikker vassforsyning og avløpshandtering; trygge vegar inkl. gang- og sykkelvegar, snarvegar; transporttilbod Samarbeid og frivillig innsatsFrivilligsentral i Hornindal og VoldaVolda næringsforum og lokalt næringsliv, FureneRåd (idrettsrådet, ungdomsrådet, rådet for personar med funksjonsnedsetting (FUNK), eldrerådet) Frivillige lag og organisasjonar, grendalagInterkommunale samarbeidRøde kors café og besøksvennTolketeneste Digitale løysingar Kommunen si heimeside – inkl. hjelp-til-sjølvhjelp-videoar og illustrasjonarSosiale mediumDigital formidling av arr. og aktivitetarFriskus Volda bibliotek (fotosamling på nett, E-bøker, lydbøker, film) Streaming av politiske utvalTilskuddsportalen.no Senior i Volda Seniornett Tilbake til trappa Publisert 25.02.2026 16:25 Sist endra 28.05.2026 17:22