Må eg søke for å bygge?

Må eg søke for å bygge?

Enkelte byggesaker treng du ikkje å søke løyve om.

Enkelte tiltak treng du ikkje søkje om. Dette gjeld ofte mindre tiltak som er fritekne frå søknadsplikta på nærare vilkår. Eit av vilkåra for at tiltaket skal vere unntatt søknadsplikt er at tiltaket er i tråd med plan. Hugs at dei kommunale planane for eigedomen din kan legge begrensning for kva du kan bygge og kor stort du kan bygge. Kva som gjeld for din eigedom finn du på denne sida: www.arealplaner.no

Utgangspunket er at alt som er rekna som eit tiltak etter plan- og bygningslova (pbl.) er søknadspliktig med krav om ansvarsrett. Men så har lovgivar gjort nokre unntak for tiltak som er unntatt søknadsplikt (meldepliktige tiltak) og tiltak som tiltakshavar kan søkje om sjølv. Dette står det meir om i Byggesakforskrifta (SAK10) kap 3 og 4. 

Byggetiltak unntatt søknadsplikt: Dette kan du bygge uten å søke - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no) 

 

Meld frå til kommunen om kva du har bygd

Har du bygd eit tilbygg eller ei frittliggande bygning? Husk å melde frå til kommunen når du er ferdig å byggje. Dette må du gjere seinast fire veker etter ferdigstilling, slik at kommunen kan oppdatere kart- og matrikkeldata. Du kan bruke skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt (skjema 5188).

 

Melder du frå har du også dokumentasjon på at det du har bygd er unntatt søknadsplikt. Dette kan vere fint å ha til seinare, til dømes når du skal selje bustaden din.

Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) har laga fleire rettleiarar som kan bidra til å avklare søknadsplikt:

 

I tillegg har Norsk kommunalteknisk forening (NKF) laga informasjonsark som seier noko om både søknadsplikt for ulike tiltak. Informasjonsarka finn du her: Informasjonsark for byggeprosjekt - Volda kommune

 

Kan eg søkje sjølv?/Sjølvbyggaransvar

Lovgivar har reta opp nokre tilfeller der eit tiltak er søknadspliktig med tiltakshavar kan søkje om det sjølv. Det er då føresett at ein har kompetanse til å søkje på eiga hand. Dersom det er behov for bistand rår vi til å ta kontakt med firma som har fagkompetanse.

  • Rettleiarane frå Dibk i punktet oppom vil også rettleie på om det du ønskjer å gjere er eit tiltak du kan søkje om sjølv eller om det er behov for ansvarsrett.

Regelverket opnar opp for å søkje om sjølvbyggaransvar for arbeid på eigen bustad eller fritidsbustad. Det må då sannsynleggjerast at arbeidet godkjenninga gjeld vert utført i samsvar med regelverket. I tillegg til søknadsskjema for sjølvbyggaransvar ber vi om at det vert sendt inn eit følgjeskriv som skildrar eigen, medhjelpar eller innleigd føretak sin kompetanse.

Vi gjer merksam på at sjølvbyggaransvar kan berre gjevast for funksjonane søkjar, prosjekterande og utførande for fagområde i tiltaksklasse 1. Vidare kan det ikkje gjevast sjølvbyggaransvar for sekundærbustad i eigen bustad, eller bustad med fleire sjølvstendige bueiningar.

 

 

 

Dette gjeld ofte mindre type arbeid, og desse er fritekne frå søknadsplikta. På Direktoratet for byggekvalitet si heimeside finn du døme på kva som ikkje krev søknad.

Føremålet med søknadsplikta er at kommunen skal kunne vurdere tiltaket i forkant, slik at arbeid ikkje vert starta opp i strid med reglar i gjeldande lovverk.

Du kan søkje opp eigedomen din på kommunekart.no og få informasjon om kva reguleringsplanen seier om det området du er interessert i å bygge på.

Nyttige lenker

Kontakt

Kristin Totland
byggesakshandsamar
E-post
Mobil 97 71 91 72
Marthe Sleire Vatne
byggesakshandsamar
E-post
Telefon 70 05 87 61
Mobil 48 06 45 76