Rammer for kva du har lov til å gjere på eigedomen din
Når du skal søkje om å bygge er det ulike lovverk og planar som set ramme for kva du får lov til på din eigedom. Døme på dette er:
- Byggegrense langs veg, sjø og vassdrag (Veglova, kommuneplan og reguleringsplan)
- Krav om reguleringsplan (plankrav)
- Arealføremål i reguleringsplan eller kommuneplan
- Føresegner i kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplan t.d. grad av utnytting på tomta, føremål i plan, makshøgde til gesims- og mønehøgde
- Andre reglar i plan- og bygningslova
- Teknisk forskrift
Dersom det du ønsker å bygge er i strid med det som gjeld for eigedomen din, er du avhengig av å få ein dispensasjon. Dispensasjon kan vere mellombels eller varig, men gjeld berre for det tiltaket det blir gitt løyve til.
Kva skal til for å få dispensasjon?
Det følger av plan- og bygningsloven §19-2 at kommunen kan gje dispensasjon dersom følgjande to vilkår er oppfylt:
- Omsyna bak føresegnene det vert dispensert frå eller omsyna bak lova sine føremålsføresegner ikkje blir vesentleg tilsidesett, og
- Fordelane ved å gje dispensasjon må vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering
Dette betyr at det må vere ei klar overvekt av omsyn som talar for dispensasjonen.
Dersom vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylt kan kommunen gje dispensasjon. «Kan- vurderinga» er ei skjønnsvurdering og inneber at kommunen har høve, men inga plikt, til å gje dispensasjon.
Kommunen må vurdere heilskapleg om det er føremålstenleg å gje dispensasjon.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt ut ein eigen rettleiar om dispensasjon. Rettleiaren finn du her: Dispensasjonsrettleiar 2022 (statsforvalteren.no)
Sivilombodet har gitt ut ein temarapport med meir informasjon om dispensasjon i strandsona og rettsleg utgangspunkt. Rapporten finn de her: Temarapport-Sivilombudsmannens-undersokelser-av-dispensasjoner-i-strandsonen.pdf
Naudsynte skjema for å søkje om dispensasjon
Sjekkliste for dispensasjon frå plan. og bygningslova, § 19 (PDF, 238 kB)
Søknadsskjema PDF (utfyllbar) (PDF, 404 kB)
Sjekkliste for vurdering av risiko og sårbarheit i saker etter plan- og bygningslova (PDF, 742 kB)
Om du er usikker på om du må søke om dispensasjon, ta kontakt med kommunen.
Trygg byggegrunn i dispensasjonshandsaming
Sjekkliste for vurdering av risiko og sårbarheit i saker etter plan- og bygningslova(PDF, 742 kB)