Regine S. Aklestad
Målet med samlinga var å dele kunnskap og erfaringar på tvers av kommunar og fagområde, og å styrke arbeidet med jordvern i regionen.
Programmet inneheldt innlegg frå fleire fagpersonar:
Regine Aklestad, berekraftskoordinator i Volda kommune, ønskte velkomen.
Kari Bjørnøy frå Statsforvaltaren snakka om kvifor jordvern er viktig.
Synnøve Valle frå fylkeskommunen presenterte utvikling og utfordringar i arbeidet med jordvernmål i fylkesstrategien for landbruk.
Matias Kaarstad frå Ørsta kommune delte erfaringar frå arbeidet med kommunal jordvernstrategi.
Etter innlegga deltok deltakarane i gruppearbeid og drøfta spørsmål som:
- Korleis jobbar kommunane med jordvern i dag?
- Kva utfordringar møter dei i arbeidet?
- Kva kan kommunane gjere for å styrke jordvernet?
Dagen vart avslutta med oppsummering og takk for innsatsen ved Brit Kari Eidseflot Hauger frå Statsforvaltaren.