Innspel til jordvernstrategien frå grendeutvala

Innspel til jordvernstrategien frå grendeutvala

30. april inviterte ordføraren alle grendeutvala i kommunen til møte på Samfunnshuset i Volda. Eit av hovudtema var arbeidet med jordvernstrategien.

Møte med grendalaga - Klikk for stort bileteInnspel frå grendeutvala Regine Solberg Aklestad

På møtet presenterte Regine Aklestad kunnskapsgrunnlaget som er utarbeidd, og orienterte om vidare prosess. Etter presentasjonen arbeidde deltakarane i grupper med to spørsmål:

  1. Kva ser de på som dei største utfordringane for å ta vare på matjorda i kommunen?
  2. Kva slags tiltak kan hjelpe oss å sikre matjorda framover?

 

Utfordringar som vart peika på:

  • Rekruttering til landbruket og folk som vil satse.
  • Låg lønsemd.
  • Terreng, avstand og tilgjenge til jord som skal drivast.
  • Mykje byråkrati, omfattande regelverk og store sentrale reguleringar.
  • Utbyggingskonfliktar.
  • Attgroing og utarming av jorda ved stordrift.

 

Føreslåtte tiltak:

  • Aktiv formidling om tilskotsordningar.
  • Meir aktiv informasjon “ut til folket” om viktigheita av lokal matproduksjon.
  • Konsekvent handheving av bu- og driveplikt.
  • Tilrettelegging for andelshagar og meir lokal matproduksjon.
  • Fremje sauehald, som også held landskapet i hevd.

 

Innspela blir tekne med vidare i arbeidet med jordvernstrategien.