Dyrka mark i Hornindal
Børild Skåra
Jordvernstrategien byggjer på nasjonale og regionale føringar, lokalt kunnskapsgrunnlag og innspel frå ulike aktørar undervegs i arbeidet.
I løpet av prosessen har kommunen arranger både jordvernkonferanse og fagsamling for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Det har også vore fleire arbeidsmøte med formannskapet og tenesteutvalet for forvaltning og utvikling. Strategien peikar på utfordringar og moglegheiter for jordvernet, og inneheld strategiar og tiltak som kan styrkje omsynet til matjorda framover.
Strategien vart samrøystes vedteken av kommunestyret, og skal vere eit viktig grunnlag i revisjon av kommuneplanen sin samfunns- og arealdel. Strategiar og tiltak må også forankrast og følgast opp i anna planverk, sakshandsaming og politiske vedtak.
Kunnskapsgrunnlag jordvernstrategi Volda kommune. (PDF, 8 MB)
Jordvernstrategi for Volda kommune. (PDF, 25 MB)