Velkomen til jordvernkonferanseVolda kommune inviterer til jordvernkonferanse på det nyopna samfunnshuset 26. mars. Erlend Sporstøl Vikestrand Kvifor jordvern?Å lage matjord tek tusenvis av år. Volda og Ørsta kommunar er to av dei største landbrukskommunane i Møre og Romsdal, og har ei viktig rolle for matproduksjonen i fylket. Samtidig står kommunane på Søre Sunnmøre jamleg overfor utfordringar der større og mindre landbruksareal vert vurdert til utbygging, infrastruktur og andre formål.Dei nasjonale jordvernmåla har blitt strengare. I jordvernstrategien som Stortinget vedtok i 2023, er målet for omdisponering av dyrka mark sett til maksimalt 2000 dekar per år. Kvifor er jordvern viktig? Og korleis skal vi følgje opp dette i kommunane?Med støtte frå Landbruksdirektoratet og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, inviterer vi politikarar, næringslivet, jordeigarar, faglag, bondelag, kommunetilsette og andre interesserte på Søre Sunnmøre til ein dag med innsikt, diskusjon og fagleg påfyll. Konferansen er eit ledd i arbeidet med den kommunale jordvernstrategien.Dato: Onsdag 26. mars, frå kl 13.30–17.30Stad: Samfunnshuset i VoldaMålgruppe: Politikarar, næringsliv, jordeigarar, faglag, bondelag, kommunetilsette og andre interessertePåmeldingsfrist: 20. marsPris: 300,-Program:Registrering og minglingVelkomen ved Ordførar Sølvi Dimmen og videohelsing frå landbruks- og matminister Nils Kristen SandtrøenArealbruk og utvikling, beredskap og potensiale. Frank Madsøy, Statsforvaltaren i Møre og RomsdalBeinstrekkJordsmonnet – der livet startar og verdiar blir skapte, Arne Bardalen, NIBIOPause - matserveringLevande mold – der alt liv kjem frå og vender tilbake til, Dag Jørund Lønning, professor i nyskapning og bygdeutvikling, forfatter av Jordboka 1 og 2, Kompostboka mm..Jordvern og vegbygging, Per Gunnar Løset, Fylkesvegavdelinga hos Møre & Romsdal fylkeskommunePaneldebatt Konferansier/moderator: Rebecca Riise Bjerknes Publisert 29.04.2025 10:13 Sist endra 20.05.2025 12:06