Volda kommune har fått tilskot til jordvernstrategi
Volda kommune har fått 150 000 kroner i støtte frå Landbruksdirektoratet for å lage ein kommunal jordvernstrategi. Arbeidet skal sikre betre kunnskap om jordbruksareala i kommunen og bidra til at viktig jord vert teke i vare.
I kommunestyremøtet 5. november 2024 vedtok kommunestyret å starte arbeidet. Formannskapet blir styringsgruppe for prosjektet og tenesteutval for forvaltning og utvikling (TFU) skal delta i arbeidsmøtene. Berekraftskoordinatoren i kommunen skal leie arbeidet.
Volda kommune vil leggje vekt på brei medverknad, og planlegg å involvere både bønder, næringsliv og innbyggjarar. Målet er å få ei god oversikt over jordressursane våre og bruke dette som grunnlag når vi skal lage nye arealplanar. Ein planlegg også ein jordvernkonferanse i mars 2025.
Strategien skal vere ferdig innan mars 2026.
Publisert 29.04.2025 09:45
Sist endra 29.04.2025 10:10