Mobilitetsstrategien peikar på framtidige utfordringar og viser kva moglegheiter vi har for å utvikle eit meir effektivt og miljøvenleg transportsystem. Strategien omfattar heile kommunen, men går særleg i djupna på reiser i Volda tettstad, der potensialet for å velje grøne løysingar er størst.
Moblitetsstrategien er utarbeidd av Multiconsult, på oppdrag frå Volda kommune. Kommunen har også fått tilskot frå Miljødirektoratet til arbeidet.
Strategien byggjer på eit breitt kunnskapsgrunnlag. Våren 2025 vart det gjennomført reisevaneundersøking, trafikkanalyse, mobilitetsverkstad og oppsøkande intervju.
Mobilitetsstrategien er delt i tre delar:
- Del 1 skildrar dagens situasjon og korleis vi reiser i dag.
- Del 2 presenterer sjølve strategien og dei overordna grepa.
- Del 3 inneheld ein gatebruksplan for indre sentrumssone.
Ein viktig del av arbeidet med grønare transport er å skape engasjement og vilje til endring blant innbyggjarane. Eit levande sentrum med mindre biltrafikk kan gjere det enklare, tryggare og trivelegare for folk i alle aldrar å ferdast og møtast ute. Mobilitetsstrategien skal nyttast som grunnlag for områdereguleringa for Volda sentrum og anna planarbeid.
Overordna gatebruksplan for Volda sentrum.
Multiconsult
Du kan lese heile mobilitetsstrategien her:
👉 Mobilitetsstrategi Volda kommune, del 1 og 2 (PDF, 21 MB)
👉 Mobilitetsstrategi Volda kommune, del 3 (PDF, 21 MB)