Brukarstyrt personleg assistent BPA - leverandørliste

Leverandørar som er godkjent i kvalifiseringsordninga og som har kontrakt på levering av BPA-tenester i Volda kommune.

Kommunane Herøy, Sande, Hareid, Ulstein, Vanylven, Ørsta og Volda har kvalifikasjonsordning for BPA.

Desse leverandørane kan innbyggarane til ei kvar tid velje mellom:

Liste med oversikt over leverandørar av BPA (PDF, 300 kB)

BPA  (brukarstyrt personleg assistent) er ei ordning for deg som har stort behov for praktisk bistand. Ordninga medverkar til større ansvar for eige liv. 

 

Kven kan få BPA?

Ordninga er meint for deg som har langvarig og stort behov for hjelp i kvardagen. Ordninga er meint for deg under 67 år, som har behov for hjelp meir enn 25 timar per veke.