Myra Bufellesskap

Myra Bufellesskap

Myra Bufellesskap er eit tilbod for brukarar med samtidige utfordringar knytt til rus og psykiske helse. Her ynskje Volda kommune å tilby bebuarane ein trygg stad å bu, samtidig som vi jobbar for å legge til rette for personleg utvikling og meistring av eigen kvardag.

Bufellesskapet har sju omsorgsbustader i tillegg til ein personalbase, med eit fellesrom, der personal og bebuarane kan samlast for sosialt samvær. Personalet i bufellesskapet går todelt turnus og er tilgjengeleg for bebuarane dag og kveld heile veka. Ved behov for tenester på natt kan kommunen også tilby dette, men denne er ikkje stadleg.

Personalet i Myra er tverrfaglig sammensett og består av mellom anna sjukepleiar, sosionomar, helsefagarbeidar og fagarbeidarar. Felles for alle som jobbar her er at dei har eit sterkt ynskje om å hjelpe bebuarane med å oppnå eigne målsetningar.

ROP-lidingar

Personer med ROP–lidingar har i stor grad betydelige funksjonsnedsettingar som får store konsekvensar for personen sjølv, familien og andre rundt brukaren. Det er vanleg å unngå sosiale samanhenger, akutte innleggingar på sjukehus skjer ofte, sjølvmordsforsøk førekjem, økonomiske problemer, hyppig kontakt med politi og kriminalomsorg, mange relasjonar med nære personar blir brotne og det er vanskeleg å danne nye gode relasjoner. Belastningen på familie og pårørende blir ofte stor og fører til et anstrengt forhold. Personer med ROP – lidelser er også hyppig innlagt på tvang.

Kontaktinformasjon

Seksjonsleiar i Myra bufelleskap:

Sigurd Skarsvåg - Sigurd.Riste.Skarsvag@volda.kommune.no

Korleis får du tenesta/korleis søker du?

Du må sende inn søknadsskjema om å motta omsorgs- og helseteneste.

Når kan du vente svar?

Søknader vert fortløpande behandla i inntaksmøte kvar måndag.