Tilbod til rusavhengige

Tilbod til rusavhengige

Psykiske helseproblem og rusmiddelproblem skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Ein del klarer å handtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp fra helsetenesta.

Kva er teneste for psykisk helse og rus?

Tenesta er eit lågterskeltilbod og ein integrert del av dei øvrige helse- og omsorgstenestene.

Kven kan få tilbod om denne tenesta?

Tenesta har personale med fagleg kompetanse innan psykisk helse- og rusarbeid. Tenestene er gratis og det er låg terskel på å få oppretta tenester.

Det er ikkje naudsynt med tilvisning frå lege eller andre offentlege instansar og det er kort ventetid. Det betyr at du sjølv, pårørande eller andre i hjelpeapparatet kan ta direkte kontakt med oss.

Rus og psykisk helseteneste samarbeider med lege, NAV, barnevern, helsestasjon, skule, heimetenester og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse og rus.

Kva tilbyr vi?

Brukarar av rus og psykisk helseteneste kan få følgjande tilbod:

Psykososial oppfølging, førebygging/ettervern, trening/oppfølging i forhold til dagliglivets aktivitetar, individuell oppfølging og tilrettelegging, arbeidsførebuande og meningsfylte aktivitetar, rehabilitering, oppfølging og bistand i bolig, administrering av medisin, koordinerende tjenester og utarbeiding av individuell plan.

Helse Møre og Romsdal tilbyr behandling for rusmiddelavhengigheit. Ei oversikt over behandlingstilbodet finn du på helsenorge.no. Din kontaktperson i rus og psykisk helseteneste eller fastlegen din kan hjelpe deg vidare. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis får du tenesta/korleis søker du?

Du må sende inn søknadsskjema om å motta omsorgs- og helseteneste.

Når kan du vente svar?

Søknader vert fortløpande behandla i inntaksmøte kvar måndag. Det er ikkje ventetid på tenester frå rustenesta.

Kontaktinformasjon

Seksjonsleiar i Utetenesta: 

Gunnhild Ringset Kolås - gunnhild.ringset.kolas@volda.kommune.no