TRY
Bli tryggare i den digitale kvardagen
Stadig fleire tenester og moglegheiter er digitale. Volda og Ørsta kommunar inviterer deg over 65 år til gratis tilbod som kan gjere kvardagen enklare, tryggare og meir sosial.
Du treng ikkje kunne noko frå før – det viktigaste er at du er nysgjerrig.
Kurs: Digitale Saman – lær noko nytt saman med andre
På Digitale Saman (tidlegare Sprek på nett) kan du få hjelp til mobil, nettbrett og digitale tenester i kvardagen. Kanskje vil du lære meir om meldingar, bilete, appar eller korleis du finn informasjon på nettet? Her møter du andre i same situasjon, får svar på det du lurer på og kan oppdage nye moglegheiter i lag med andre.
Tilbodet er gratis, uformelt og ope for alle. Oppstart i veke 35 - meir informasjon kjem.
Digital Opplæring Heime – når hjelpa kjem til deg
Ønskjer du rettleiing heime hos deg sjølv? Då kan du få hjelp til akkurat det du vil bli tryggare på. Opplæringa blir tilpassa dine behov og skjer i eit tempo som passar deg. Målet er å gi deg større tryggleik og meistring i møte med den digitale kvardagen.
Bli Digital – prøv eit nettbrett gratis
Har du lyst til å sjå kva eit nettbrett kan brukast til? Gjennom Bli Digital kan du låne eit nettbrett gratis og prøve det ut i kvardagen. Du kan lese aviser, sjå bilete, halde kontakt med familie og vener eller utforske alt internett har å by på. Kanskje oppdagar du at det er enklare enn du trudde.¨
Vil du vite meir eller melde deg på?
Det er aldri for seint å lære noko nytt!
Ring Linda på telefon 90 21 03 68 for ein hyggeleg samtale og meir informasjon.