Private bomvegar / skogsvegar

Private bomvegar / skogsvegar

Retningsliner og satsar for bompengar på private vegar i Volda 2022-2027

Retningsliner og satsar for bompengar på private vegar som grunnlag for handsaming av enkeltsøknader, med heimel i veglova § 56.
Etter skriftleg søknad kan det gjevast løyve til å krevje bompengar for ferdsel med
motorkøyretøy på private bilvegar innanfor følgjande rammer:


1: Vegar under 2 km.

  • kr 50 for bil og traktor.
  • kr 30 for ATV og MC.
  • kr 150 for lastebil.


2: Vegar mellom 2 og 4 km.

  • kr 65 for bil og traktor.
  • kr 35 for ATV og MC.
  • kr 160 for lastebil.
     

3: Vegar over 4 km.

  • kr 80 for bil og traktor.
  • kr 50 for ATV og MC.
  • kr 200 for lastebil.

Årskort kan utgjere maksimum 1000 % av ein enkeltbillett.

Der det vert gjeve løyve til å krevje bompengar, gjevast det også løyve til å krevje tilleggsavgift frå eigaren av køyretøy som ikkje betalar bompengar med inntil kr 800.


Vedteke av Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) 25.,04.2022 sak 22/5015