Landbruk

Volda har felles landsbrukskontor med Ørsta kommune.

Landbruksavdelinga driv med rettleiing og sakshandsaming innan jordbruk, skogbruk og tilgrensande næringar.

Hovudproduksjonane innan jordbruket er mjølk og kjøt på storfe. Det er også eit aktivt geithald og sauehald i kommunen og kraftforkrevjande produksjonar, som gris og høns, er også representerte.

Bygdeturisme og utmarksnæringar spelar ei viktig rolle i mange bygder.

Landbrukskontoret er felles med Ørsta, som er vertskommune for samarbeidet. Du finn meir informasjon på Ørsta kommune si heimeside.