8. Tverfaglige samhandling for å fremje tidleg innsats og førebyggje mobbing og psykisk uhelse
8.1. TVERRFAGLEGE SAMHANDLINGSGRUPPER (TSG)
Formål
TSG skal sikre at fleire fagområde og profesjonsgrupper samarbeider for å sikre at barn og unge får eit heilskapleg og godt tilbod så tidleg som råd er.
• TSG har mål om å arbeide meir førebyggjande og systemretta enn individretta, med fokus på eit heilskapleg og inkluderande tilbod for alle.
• TSG vil arbeide aktivt for eit trygt og godt læringsmiljø for alle born/elevar.
• TSG kan bistå i høve planlegging, iverksetting og evaluering av både system- og individretta tiltak.
• TSG vil bidra til at ein tidleg skal kunne fange opp og avdekke behov for
tilrettelegging og tiltak for å ivareta fagleg, sosial og kulturell inkludering, både hos einskildborn/elevar og grupper.
• Born/elevar som har eksisterande ansvar/samarbeidsgruppe skal ikkje drøftast eller følgjast opp av TSG.
Forventa resultat av TSG
• TSG vil bidra til å oppnå målsetjinga i visjonen i Kvalitetsplan for sektor for oppvekst; “Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer”.
• Auka tverrfagleg samhandling vil bidra til å fange opp og avdekke behov for inkludering og tilrettelegging i barnehage- og skulemiljø, hos grupper/klasser og enkeltbarn/elevar, både fagleg og sosialt.
• Barnehagar og skular vil i større grad enn tidlegare arbeide førebyggjande og systemretta ved å ha fokus på heilskapleg tenking.
• Heilskapleg tenking og samhandling vil gi gode rutinar og betre praksisen i sektoren. Det vil gjere det lettare og raskare å ta kontakt med rett fagområde ved behov for støtte.
• vurdering av tiltak.
• Både sektoren som heilskap og den enkelte barnehage og skule får eit tettare samarbeid, og vil gjennom det oppnå auka kompetansedeling, forståing og innsikt på tvers av fagområde. Dermed vil ein gjennom godt systemarbeid oppnå tidleg og samordna innsats for barn og unge, og deira familiar.
Samansetjing av TSG
Barnehage: Styrar, PPT, helsesjukepleiar, barnevern, koordinator for støttetiltak, evt ein pedagog.
Skule: Rektor, PPT, helsesjukepleiar, barnevern, kommunepsykolog, evt miljørettleiar og/eller pedagog.
Barnehage og skule i felles TSG møte: Styrar, rektor. PPT, helsesjukepleiar, barnevern, kommunepsykolog/koordinator for støttetiltak, evt miljørettleiar og/eller pedagog.
Alle har fast vara med unnatak av dei som er einaste fagperson i si stilling.
I enkelte tilfelle vil det vere nødvendig å ha med andre fagpersonar som til dømes BUP,logoped, kommunepsykolog, politi, fysioterapeut, programrådgjevar, andre.
Organisering og møteplan
Talet på einingar og ulik storleik gjer det naudsynt å slå saman einingar. Med grunnlag i innspel og geografiske vurderingar er det sett opp følgjande 12 TSG einingar:
- Mork barnehage og Mork skule
- Folkestad barnehage og Folkestad skule
- Lauvstad barnehage, Dalsfjord skule og Ulvestad barneskule
- Austefjord skule og Hornindal skule
- Hornindal barnehage og Tunåsen barnehage
- Trollsletta barnehage og Røysmarka barnehage og Rotset barnehage
- Engeset barnehage og Øyra barnehage
- Oppigarden barnehage og Hjellbakkane barnehage
- Bratteberg barnehage
- Bratteberg skule
- Øyra skule
- Volda ungdomsskule
TSG skal ha ein fast møtedag i veka, t.d. torsdag. Det er vurdert naudsynt å ha fleire TSG møte pr dag, og nokre grupper vil ha parallelle møte. Møtelengd er satt til 1,5 time.
Møtepunkt kl 12.00 for første TSG-eining. Andre TSG-eining møter kl 14.00/14.30.
Einingar kan bytte på møtestad, t.d. Folkestad- Dalsfjord. Tilrår eit fast oppsett
eventuelt bytte av møtedag/tidspunkt ordnast internt mellom einingar. Dette må avklarast i god tid, jf møteinnkalling/saksliste.
Meir om organisering av møter, årshjul for møteplan, evaluering osv. i «Mandat, formål, organisering og innhald i dei tverrfaglege samhandlingsgruppene».
8.2. Ressursteam for barnehagar og skular
Føremål
Ressursteamet er ein del av kommunen si satsing på tidleg innsats for å oppdage og førebygge vanskar hos barn og unge. Tiltaket er eit lågterskeltilbod til foreldre, barnehagar og skular i kommunen, med mål om å snu ei uheldig utvikling så tidlig som mogleg. Både foreldre, barnehagar og skular kan melde opp saker til teamet.
Ressursteamet vil frå hausten 2020 bli delt i to ulike team. Eit barnehageteam og eit skuleteam. Teama vil ha møtepunkt siste torsdag, men annankvar månad. Dei to teama vil ha noko ulik samansetjing.
Samansetjing av Ressursteam barnehage
Teamkoordinator: helsesjukepleier v. Volda helsestasjon.
Faste deltakarar: Teamkoordinator, Psykisk helsevern for barn og unge BUP Volda (2 repr.), BVT, PPT, Koordinator for støttetiltak barnehage, kommunepsykolog. I tillegg kjem dei som kjenner barnet som er oppmeldt (foreldre, tilsette i bhg, helsesjukepleiar og/eller evt. andre).
Organisering og møteplan
Møtetidspunkt: Siste torsdag annankvar månad. Møtetidspunkt: Klokka 12.30 til 15.30.
Ein set av 1time pr sak, dvs. inntil 3 saker pr møte. Det blir sett av 45 min. til kvar sak. Oppmelding av sak: Til teamkoordinator pr tlf. 700 58 820 eller 47 45 84 65.
Frist for oppmelding er 1 veke før ressursteam. Oppmeldar skal gi skriftleg informasjon om saka i forkant. Koordinator har ansvar for å vidareformidle informasjon til BUP og øvrige faste deltakarar.