Foreldrerettleiing

Foreldrerettleiing

Alle foreldre og føresette kan ta kontakt med helsesjukepleiar for å diskutere kva rettleiing som kan vere aktuell.

Rettleiingskurs for deg med barn opp til 6 år

Mange foreldre synest det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggleiksssirkelen, skal gje foreldre verktøy for å betre forstå kva behov barna har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.

Målet med kurset

Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og stå sterkare rusta til å møte utfordringar ein møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.

Påmelding, tid og stad

Sektor oppvekst planlegg å ha 4 kurs i året der to er digitale på kveldstid og to er med fysisk oppmøte på dagtid.

Her er informasjon om kursdatoar

Kurset er anbefalt for føresette med barn mellom 4 månader og 6 år. Vi oppmodar om at begge føresette deltek.

Meld deg på, du kan velje om du vil delta på fysisk kurs på dagtid eller digitalt på kveldstid.

Påmelding

Kven kan vere med?

Foreldrerettleiingsskurset er for foreldre med barn mellom 4 månader og 6 år.

Meir info om kurset

Kurset skal gi føresette verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Foreldrekurset vert anbefalt til alle foreldre. Du treng ikkje oppleve at foreldrerolla er vanskeleg, eller at ditt barn har behov for noko spesielt!

Tryggleikssirkelen kan dessutan kome til glede og nytte i alle relasjonar – ikkje berre mellom deg og barnet dykkar.

Dess tryggare barnet ditt er, dess meir vil barnet ditt kunne:

  • oppleve meir glede saman med deg
  • føle mindre sinne ovanfor deg
  • søkje di hjelp når barnet har det vanskeleg
  • løyse problem på eiga hand
  • kome betre overeins med vener
  • knyte langvarige venskap
  • få betre relasjon med søsken
  • få betre sjølvkjensle
  • ha tillit til at dei fleste problem har ein løysing
  • få tillit til at gode ting vil skje
  • få tillit til menneska barnet er glade i
  • vite korleis ein er god mot andre

Brosjyre om foreldrekurs i COS-P (PDF, 654 kB)

Plakat om foreldrekurset (PDF, 161 kB)

COS-video på engelsk