Tilbod til studentarVi ønsker alle studentar velkomne til studiebygda Volda! Vi vonar at du finn deg godt tilrette her og finn aktivitetar og tilbod som du har glede av.Voldakortet for studentarDersom du melder flytting til Volda kan du søke om Voldakortet på 5 000 kroner for studentar.Fritidsaktivitetar – lag og organisasjonarPå volda.friskus.com finn du ulike fritidstilbod i Volda .Utlånssentral/BUATreng du å låne sports- og friluftsutstyr? Det kan du låne heilt gratis på Hornindal utstyrsbank og BUA Volda.BibliotekVolda kommune har to bibliotek i Volda. Det eine held til i 1. etasje på rådhuset og det andre er på Smia i Hornindal.Her finn du meir informasjon og opningstideneKinoKinoen i Volda har namnet Volda filmteater. Her får du som er ungdom mellom 15 og 20 år rabatt. Sjå kinoprogrammet her.Helsestasjon for ungdom og studentarHelsestasjon for ungdom og studentar held til i underetasjen på Volda rådhus, Adresse: Stormyra 2, 6100 Volda.Meir informasjon om helsestasjon for ungdom og studentar.Legesenter og legevaktVolda kommune har to fastlegekontor Volda Legesenter og Hornindal legekontor. På dagtid kan du også få time til akutthjelp på legekontora. Legevakt på ettermiddag, kveld og helg. Ring 116117 og gjer avtale.Søre Sunnmøre legevakt finn du i Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda. Dette bygget ligg rett over flyplassen, med inngang på oppsida. Det er i same bygg som Politiet held til.Meir informasjon om legetenesta.Student med barnBarnehagane i VoldaSkulane i VoldaHelsestasjonAktivitetstilbod FriskusBustadar i VoldaDet finst eit godt utval med bustadar i Volda. Studentsamskipnaden i Volda tilbyr gode studentbustadar fleire stadar rundt om i bygda.På privatmarknaden kan du finne bustad på sider som:Facebook-sida Til leige i Volda og Ørsta, Hybel.no og Finn.no Publisert 16.08.2023 11:15 Sist endra 13.08.2024 15:08