Trinn 1 - Volda kommune

Trinn 1

 Ein attraktiv og inkluderande kommune

Vilje til å lykkast saman

 

Slik vil vi ha det:

Trinn 1 ulike menneske - Klikk for stort bilete Canva

Volda er ein raus og inkluderande kommune med aktive og engasjerte innbyggarar, levande og attraktive lokalsamfunn, og likeverdige moglegheiter til eit godt liv.
Innbyggarane i Volda deltek og engasjerer seg i utviklinga av eige nærmiljø.

Slik gjer vi det:

  • Vi legg til rette for tilgjengelege møteplassar og fellesskap saman med innbyggarane
  • Vi samarbeider med frivillige og andre samfunnsaktørar for å sikre attraktive og levande lokalsamfunn
  • Vi styrkjer inkluderande fellesskap
  • Vi gjer det enkelt for innbyggarane å engasjere seg i utviklinga av kommunen

Dette kan du gjere sjølv:

  • •Bruk beina eller bussen når du skal ein stad.
  • Delta i arbeid, aktivitet eller utdanning.
  • Vurder om bustaden din er tilpassa behova dine no og i framtida.
  • Bli med i ein fritidsaktivitet.
  • Følg barn eller barnebarn til skule, barnehage eller fritidsaktivitetar.
  • Bruk nærmiljøet, byen og marka.
  • Engasjer deg som frivillig.
  • Snakk med folk frå ulike generasjonar og kulturar om kva dei er opptekne av.
  • Slå av ein prat med naboen – kanskje hen treng hjelp til å plukke eple, måke snø eller flytte møblar.
  • Ta med familie eller vener på opplevingar.

 

Les meir om trinn 1 - Ein attraktiv og inkluderande kommune

 

Tilbake til trappa