Sektor helse og omsorg

Frå 01.01.2020 vart alle helse- og omsorgstenester, med unntak helsestasjonstilbod, slått saman og samla i éin sektor. Helsestasjonstilbod ligg til sektor for oppvekst.

Sektor helse- og omsorg vert leia av kommunalsjef Svein Berg- Rusten og har seks avdelingar:

Kontaktinformasjon finn du lenger ned på denne sida.

Helse- og forvaltning

Avdelingsleiar og ass. kommunalsjef er Ingunn Gjengedal (tlf. 92436245).

I denne avdelinga ligg stab og servicefunksjonar i sektoren.

Her er også sentralkjøkken, forvaltningskontor, rehabilitering og førebygging(fysio- og ergoperatitenester), frisklivssentralar, folkehelsekoordinator, teknisk drift og sjåfør.

Legeteneste

Avdelingsleiar/kommuneoverlege er Inger Lise Kaldhol, e-post: inger.lise.kaldhol@volda.kommune.no

I denne avdelinga ligg kommunal legeteneste, legevakt, nattlegevakt, helsepersonell på legekontor og sjukeheimslege.

Insitusjonsteneste

Avdelingsleiar er Ann- Sølvi Heltne (tlf. 91144863)

Omsorgssenteret i Hornindal og i Volda ligg til denne avdelinga.

Her er langtidsplassar, korttidsavdeling inkl kommunal akutt plass(øyeblikkeleg hjelp), moglegheit for skjerming om særskilde behov.

Heimetenester

Avdelingsleiar er Astrid Dimmen (tlf. 95770524)

Heimetenestene består av både døgnbemanna omsorgsbustader for eldre, dagsenter for eldre og den tradisjonelle heimebaserte tenesta, der ein har heile den geografiske kommunen som arbeidsfelt.

Bjørke, Viddal, Leira og Sjåstaddalen vert frå 01.01. heimesjukepleia i Hornindal sitt oppdrag.

Bu- og habilitering

Avdelingsleiar er Oddbjørg Langøy (tlf. 91853604)

I denne avdelinga er det mange med utviklingshemming eller andre og store og samansette hjelpebehov som får tenester.

Mange bur i samlokalsierte tenester, Hamna dagsenter tilbyr arbeid og sysselsetting og eit eige tilbod for familiar med avlastingsbehov på grunn av barn og unge som bur heime.  

Rus- og psykisk helseteneste

Avdelingsleiar er Elin Høydal Vatne (tlf.91555970)

Avdelinga yter tenester til personar som har diagnose relatert til rus- og / eller psykisk uhelse.

Ein har lågterskeltilbod, med breitt aktivitets/ sysselsetjingstilbod, oppsøkande tenester og tilbod knytt til samlokaliserte bustader.

 

Nokre avdelingar er svært store, den største med ca. 100 årsverk. For at avdelingane skal driftast på ein god måte, er dei delte opp i seksjonar med ein seksjonsleiar. Ein seksjonsleiarar har mellom anna personalansvar for sin seksjon, samt eit medansvar for den daglege drifta.

Her finn du kontaktinformasjon til avdelingane under Helse- og omsorg.

Legevakt 

Telefonnummeret til legevakta  er 116 117.

Søre Sunnmøre legevakt er å finne rett ovanfor flyplassen i Hovdebygda, nærare bestemt i Torvmyrane 11 B, som er same bygget som m.a. Politiet og ambulansestasjonen. Inngang gjennom hovedinngang på oppsida av bygget.

Her er det også smittelegevakt for Ørsta og Volda

Forvaltningskontor

Sektoren har eit forvaltningskontor. Her jobbar sakshandsamarar som skal vurdere søknader på tenester.

Med unntak av legetenester, vert alle søknader på tenester i sektoren vurdert av forvaltningskontoret, uansett om det er langtidsplass, praktisk bistand, tryggleiksalarm, omsorgsbustad, heimesjukepleie, avlasting, støttekontakt mm.

Det er seksjonsleiar av forvaltningskontoret og kommunalsjefen som har avgjerdsmynde når tenester skal tildelast.

Forvaltningskontoret samhandlar/innhentar opplysningar med fagpersonar i sektoren og andre instansar når søknader vert handsamast.  

Forvaltningskontoret treff ein på telefon: 70 05 40 04 eller 904 11 886.

Helse- og omsorgsplan

Sektoren er i ferd med å utarbeide ein ny helse- og omsorgsplan.

Dette arbeidet har gått føre seg gjennom heile 2020 og ein har engasjert mange i prosessen gjennom ulike arbeidsgrupper. 

Ragnhild Aarflot Kalland er oppnemnd som prosjektleiar for denne prosessen.

Kontakt

Svein Berg-Rusten
kommunalsjef
E-post
Mobil 918 68 329
Ingunn Gjengedal
assisterande kommunalsjef
E-post
Mobil 924 36 245
Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 911 44 863
Astrid Dimmen
avdelingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 957 70 524
Oddbjørg Langøy
avdelingsleiar
E-post
Mobil 918 53 604
Elin Høydal Vatne
avdelingsleiar, Rus og psykisk helseteneste
E-post
Mobil 915 55 970
Ragnhild Aarflot Kalland
konstituert leiar forvaltningskontoret/rådgjevar
E-post
Mobil 952 30 366