Varsel om oppstart. Detaljregulering for Heltnemarka i Volda kommune

Varsel om oppstart. Detaljregulering for Heltnemarka i Volda kommune

PlanområdetI medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 20/610 med fleire i Volda kommune. Namn på planen er «Detaljregulering for Heltnemarka» PlanID: 1577-2021001

Planområdet på om lag 23 daa, ligg rett aust for Heltneelva og rett vest for Bakkelidvegen i Volda si ytre sentrumssone.


Formål

Tiltakshavar Norhus Ørsta AS, ser eit aukande behov for bustadar i Volda. Ein ønskjer difor å imøtekome noko av etterspurnaden ved å regulerer gbnr. 20/610 med fleire til frittliggande bustadar. Dette vil vere ein kombinasjon av einebustadar og tomannsbustadar i samsvar med politisk prinsippavklaring.

Konsekvensutgreiing

Tiltaket er vurdert opp mot §10 i forskrifta om konsekvensutgreiing. Planområdet er avsett til bustadar i kommunedelplan for tidlegare Volda kommune (B35). Tiltaket er dermed i tråd med overordna plan. På bakgrunn av dette konkluderer ein med at tiltaket ikkje har vesentlege verknadar for miljø og samfunn, og dermed ikkje løyser krav om konsekvensutgreiing.

Planstatus

I gjeldande arealdel for tidlegare Volda kommune er området avsett til bustadar. Planområdet grensar og grip inn i reguleringsplanen «Heltnevollen», planID 2010016 mot aust og sør. Mot nord grensar planområdet mot «Rasmusgarden», planID 1999003. Mot sør-vest grensar ein marginalt mot «Endring Bakken», planID 1988002. Ein er ikkje kjend med at det er pågåande reguleringsarbeid i området.

Plangrense

Plangrensa er synt i vedlegg nr.1, og vart godkjent av formannsskapet 21.09.2021, sak 148/21. (Vedlegg 08) Omtale av plangrensa, som kan verte justert undervegs - gjeng fram av vedlagte planinitiativ.

Forslagsstillar og planleggjar

Forslagsstillar:      Norhus Ørsta AS, Indrehovdevegen 64, 6160 Hovdebygda.
Plankonsulent:     Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.

Informasjon og medverknad

For informasjon undervegs i planarbeidet kan ein kontakte:
- Lauritz Holsvik – tlf. 90506535 – lauritz@norhuskjeden.no
- Per Mulvik AS v/Andreas Standal Eikrem - tlf.: 90947557 – e-post: andreas@mulvik.no

Merknader til oppstartsmeldinga

Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet merkast med «planID: 1577-2021001» og sendast anten som e-post til andreas@mulvik.no eller som brev til: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.
Innkomne merknader vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av merknaden til kommunen.

Frist for merknader: 25.01.2022.

Vidare saksgang

Etter at merknadsfristen er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til Volda kommune for handhandsaming. Etter første gangs handsaming og eventuelle justeringar, legg kommunen planen ut til offentleg ettersyn. Det vert då høve til å kome med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming med sikte på endeleg godkjenning.

Oppstart detaljregulering Heltnemarka
Tittel Publisert Type
4092 Varslingsbrev 2021_12_17

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 4092 Varslingsbrev 2021_12_17.pdf
Vedlegg 02_Reguleringsplangrense 1-1500

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 02_Reguleringsplangrense 1-1500.pdf
Vedlegg 01_Oversiktskart 1-10000

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 01_Oversiktskart 1-10000.pdf
Vedlegg 04_Reguleringsplanar

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 04_Reguleringsplanar.pdf
Vedlegg 03_Ortofoto 1-1500

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 03_Ortofoto 1-1500.pdf
4092 Varslingsbrev 2021_12_17 med vedlegg

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 4092 Varslingsbrev 2021_12_17 med vedlegg.pdf
Vedlegg 05_Kommuneplan 1-1500

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 05_Kommuneplan 1-1500.pdf
Vedlegg 06_4092 Planinitiativ 2021_12_02

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 06_4092 Planinitiativ 2021_12_02.pdf
Vedlegg 07_Referat frå oppstartsmøte

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 07_Referat frå oppstartsmøte.pdf
Vedlegg 08_Vedtak i formannskapet 21.09.2021

21.12.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 08_Vedtak i formannskapet 21.09.2021.pdf