Graving i kommunal (offentleg) veg

Graving i kommunal (offentleg) veg

Alle som skal utføre gravearbeid på offentleg veg og grunn skal søke om graveløyve.

Kva er graveløyve?

Dette er eit løyve for å kunne grave i offentleg veg eller grunn.

 

Kven kan søke om graveløyve?

Alle som skal utføre gravearbeid på offentleg veg og grunn skal søke om graveløyve.

Ved graving i veg/gategrunn, ved fjerning av masser, ved oppsett av mur, etablering av leidningsanlegg, elektriske kablar, telekablar/breiband m.m. skal det bli søkt om graveløyve

Korleis kan ein søke om graveløyve?

Klikk her for å komme til søknadsskjema.

Før det kan bli gitt graveløyve må det bli henta inn fråsegn frå kabeletatane med kartutsnitt innteikna i graveområde.

Kva krav vert stilt for å få tenesta?

Den som utfører graving i offentleg veg skal levere ein fullgod istandsett veg etter gravinga, slik at ikkje kommunen vert påført unødige ulemper og kostnader. 

Ved graving i eller over offentleg veg må brannvesenet, ambulansen og Politiet varslast. Den som får graveløyve er ansvarleg for varsling.

Kva kostar det?

Gebyr for søknad og handsaming av graveløyve

Gebyr for søknad og handsaming av graveløyve
Type Gebyrsats
Mindre arbeid av kortvarig art, ingen kontroll. Mottak av søknad, utarbeiding av fakturagrunnlag 1 t à kr 685. Handsaming av søknad (ikkje naudsynt med arbeidsvarsling/ synfaring/ kontroll/ oppfølging) 1 t à kr 685 Kr 1 370
Standard arbeid inkl. kontroll. Mottak av søknad, utarbeiding av fakturagrunnlag: 1 t à kr 685. Handsaming av søknad, inkludert ev. synfaring 2 t à kr 685. Handsaming av plan for arbeidsvarsling 1 t à kr 685. Kontroll i felt/ oppfølging 1 t à kr 685. Kr 3 425
Større arbeid vert avtalt pr graveløyve på førehand. Mottak av søknad, utarbeiding av fakturagrunnlag 1 t à kr 685. Handsaming av søknad – tid vil variere mellom 2-4 t kr 1 370 – 2 740. Handsaming av plan for arbeidsvarsling vil variere 1-4 t kr 685 - 2 740. Kontroll i felt/ oppfølging 1 t à kr 685, vil variere 2-6 t kr 1 370 – 4 110. Kr 4 110 - 10 275
Vedteke av Volda kommunestyre 15.12.2022, sak 103/22

Kva tid kan eg vente svar på søknad?

Søknadane vert handsama fortløpande.