VILKÅR FOR LEIGE AV KOMMUNALE LOKALE
- Generelt
Ved booking og bruk av kommunale lokale gjennom Roomis stadfestar leigetakar at vilkåra under er lese, forstått og akseptert. Leigetakar må vere fylt 18 år.
Leigetakar er ansvarleg for at lokalet vert nytta i samsvar med gjeldande lover, reglar og desse vilkåra. Det skal oppgivast namn og telefonnummer til ansvarleg person ved booking. Ansvarleg person skal vere tilgjengeleg i heile leigeperioden.
- Nøkkelutlevering
Nøklar skal hentast og leverast ved Volda rådhus innanfor gjeldande opningstider. Leigetakar er sjølv ansvarleg for å orientere seg om opningstidene på kommunen si heimeside.
Tap av nøkkel vil bli fakturert med kr. 1 500,-. Dersom tap av nøkkel medfører behov for omlegging av låssystem eller andre tiltak, kan ytterlegare kostnader bli kravde dekka av leigetakar.
- Branntryggleik og HMS
Leigetakar pliktar å gjere seg kjend med rømningsvegar, plassering av sløkkeutstyr og gjeldande branninstruks før lokalet vert teke i bruk.
Nødutgangar og rømningsvegar skal til ei kvar tid haldast frie. Utstyr, møblar eller anna materiell skal ikkje plasserast slik at dette hindrar evakuering eller redningsarbeid.
Leigetakar er ansvarleg for at bruk av lokalet skjer på ein trygg og forsvarleg måte. Utrykking eller kostnader som følgje av feil bruk, manglande aktsomheit eller brot på reglar blir vidarefakturert til leigetakar.
Ved feil eller manglar på bygget kan byggvakt kontaktast på telefon 909 34 021. Dersom utrykking skuldast feil bruk eller forhold leigetakar er ansvarleg for, vil kostnaden bli vidarefakturert leigetakar.
- Orden, reinhald og bruk av lokalet
Leigetakar pliktar å rydde og reingjere lokalet etter bruk. Dette omfattar mellom anna:
- fjerning av avfall
- vask og rydding av nytta område
- tilbakeføring av møblar og utstyr
- sløkking av lys
- lukking og låsing av dører og vindauge
Lokalet skal tilbakeleverast i same stand som ved overtaking.
- Skadeverk og melding om feil
Leigetakar er økonomisk ansvarleg for skadeverk, tap eller unormal slitasje som oppstår i leigeperioden. Eventuelle skadar, feil eller avvik skal meldast til Volda kommune utan ugrunna opphald.
Ved alvorlege eller gjentekne brot på vilkåra kan Volda kommune nekte framtidig leige av kommunale lokale.
- Avbestilling
Avbestilling kan gjerast kostnadsfritt fram til 7 dagar før avtalt leigestart. Ved avbestilling seinare enn dette vil full leigepris bli fakturert. - Kameraovervaking
Det er kameraovervaking på fasade og utvendige område ved enkelte kommunale bygg. - Aksept av vilkår
Ved signering stadfestar leigetakar at vilkåra er aksepterte, og at ansvarleg person har nødvendig fullmakt til å inngå avtalen.