Vikeneset kai
For å reservere plass ved kaia fyller du ut Bestillingsskjema for hamneplass.
Vikeneset kai er ei kommunal kai for lasting og lossing av varer, gods og anna materiell frå og til skip/båtar.
Kaia kan også nyttast til persontransport og lengre opphald. Det er Volda kommune som styrer all ferdsel ved og på kaia. Det er også areal for lagring av varer og gods ved kaia.
På kaia er kontainer for avfall som kan nyttast.
Volda kommune har døgnleige, ikkje timebasert leige.
Vikeneskaia har ein dimensjonerande tillatt vekt på 3 tonn/m2 i lagringskapasitet på land.
Pullertfesta er 50T, og bruttotonnasje for båt skal ikkje overstige (BT) 12500T totalt.
Faktura blir sendt dagen etter avreise. For å forlenge eit opphald fyller du ut nytt skjema og sender inn.
Det er vassuttak og straum tilgjengeleg på kaia. Meir informasjon finn du på denne sida:
https://www.volda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/hamn-og-kai/