Pilotprosjektet: Fleire digitale eldre

Pilotprosjektet: Fleire digitale eldre

Volda og Ørsta kommunar er med i ei nasjonal satsing som skal hjelpe fleire eldre til å bruke digitale tenester i kvardagen. 

Ein eldre man som sit å ser på eit nettbrett, han får hjelp av ei dame. - Klikk for stort bilete Oclin

Bli tryggare i den digitale kvardagen

Stadig fleire tenester og moglegheiter er digitale. Volda og Ørsta kommunar inviterer deg over 65 år til gratis tilbod som kan gjere kvardagen enklare, tryggare og meir sosial. 

Du treng ikkje kunne noko frå før – det viktigaste er at du er nysgjerrig.

Kurs: Digitale Saman – lær noko nytt saman med andre

Digitale Saman (tidlegare Sprek på nett) kan du få hjelp til mobil, nettbrett og digitale tenester i kvardagen. Kanskje vil du lære meir om meldingar, bilete, appar eller korleis du finn informasjon på nettet? Her møter du andre i same situasjon, får svar på det du lurer på og kan oppdage nye moglegheiter i lag med andre. 

Tilbodet er gratis, uformelt og ope for alle. Oppstart i veke 35 - meir informasjon og kursdatoar finn du her

Digital Opplæring Heime – når hjelpa kjem til deg

Ønskjer du rettleiing heime hos deg sjølv? Då kan du få hjelp til akkurat det du vil bli tryggare på. Opplæringa blir tilpassa dine behov og skjer i eit tempo som passar deg. Målet er å gi deg større tryggleik og meistring i møte med den digitale kvardagen. 

Bli Digital – prøv eit nettbrett gratis

Har du lyst til å sjå kva eit nettbrett kan brukast til? Gjennom Bli Digital kan du låne eit nettbrett gratis og prøve det ut i kvardagen. Du kan lese aviser, sjå bilete, halde kontakt med familie og vener eller utforske alt internett har å by på. Kanskje oppdagar du at det er enklare enn du trudde. 

Vil du vite meir eller melde deg på?

Send e-post til prosjektkoordinator Linda Tomasgard:

linda.tomasgard@volda.kommune.no eller ring på telefon 90 21 03 68 for ein hyggeleg samtale og meir informasjon.

 

Det er aldri for seint å lære noko nytt!