Snart får samfunnshuset ny farge

Snart får samfunnshuset ny farge

Teikning av Volda samfunnshus med den gråturkise fargen som er valt - Klikk for stort bilete Arkitektstudio Elfrida Bull Bene as Etter omfattande rehabilitering av fasaden er det endelig klart for måling og ny farge på Volda samfunnshus.

I samarbeid med konsulentar er det bestemt kva farge det skal bli på Volda samfunnshus. 

Det er kome fram til ein farge som er rett med omsyn til alderen på sjølve bygget, men som også vil gje eit moderne løft. Fargen som er valt er lys gråturkis og detaljane på bygget skal få fargen bomull. 

I samarbeid med prosjektansvarlig, Tor Vegard Søvik, Volda kommune, og entreprenøren, har kulturavdelinga vore med på å ta ut fargen. 

Frå arkitektfirmaet, Elfrida Bull Bene, som har vore med i utviklinga av det nye konseptet for bygget, har vi fått skissert ulike alternativ (PDF, 9 MB).

Det har vore viktig å velge ein farge som representerar historia og det nye konseptet. Vidare planlegg vi også ein større prosess der vi ønsker å dekorere endegavlar/baksida av huset, seier Kristina Bjørdal Kostopoulos, kulturleiar i Volda kommune. I den prosessen ønsker vi igjen at ungdomen er heilt sentrale i planlegginga og valet, seier kulturleiaren.

Ungdomen har vore aktivt med i heile prosessen for å skape eit nytt lokale til ungdomsklubb. Vi vil at ungdomen sjølv skal få vere med å bestemme korleis dei vil ha det på klubben. 

Bilete som viser fargeprøver på Volda samfunnshus. Lys og mellomgrå og kvit og kremkvit. - Klikk for stort bileteFargeprøve nr. to frå venstre er valt. Den som er gråturkis. Bente Engeseth     Fargeforslag m grafitti Volda samfunnshus - Teikning av Arkitektstudio Elfrida Bull Bene AS. - Klikk for stort bilete Teikning av Arkitektstudio Elfrida Bull Bene AS

 

Her kan du lese artikkel om arbeidet som er utført for å ruste opp samfunnshuset.