Interkommunal barnevernvakt

Interkommunal barnevernvakt

Volda kommune er med i ei interkommunal barnevernvakt på Sunnmøre. Denne vakta er open heile døgnet, heile året.

Hovudoppgåva til den interkommunale barnevernvakta er å hjelpe barn og familiar i akutt krise.

Ålesund kommune er vertskommune for ordninga, og dei tilsette jobbar berre på barnevernvakta.

Telefonnummer til barnevernvakta

Du kan ringe til barnevernvakta på telefon: 915 76 020

Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Frå og med 20.12.19 er barnevernvakta open heile døgnet, alle dagar i året.

Barneverntenesta på Søre Sunnmøre

Denne tenesta skil seg frå barneverntenesta på Søre Sunnmøre. For den tenesta er det Volda kommune som er vertskommune, i eit samarbeid med Hareid, Ulstein, Sande, Vanylven og Ørsta kommunar.

Her er meir informasjon om interkommunal barnevernsteneste i Volda kommune.