Kommuneplanen sin samfunnsdel Volda kommune 2022-2034

Kommuneplanen sin samfunnsdel Volda kommune 2022-2034

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2024 tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen vart vedteke av kommunestyret 24. november 2022.

Kommuneplanen sin samfunnsdel bygger på FN sine 17 berekraftsmål, og tek utgangspunkt i fire hovudtema: Vekstkraft og attraktive lokalsamfunn, Livskvalitet og meistring, Grøn omstilling og Organisasjonsutvikling. Planen inneheld mellom andre overordna hovudmål og delmål innanfor dei fire hovudtema. Planen skal ligge til grunn for sektoranes planer og verksemd. Planen inneheld også arealstrategiar som skal leggast til grunn ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel og framtidige forslag om regulering og utbygging.

Samfunnsdelen er utarbeidd som ei eiga nettside

Kunnskapsgrunnlag, samandrag og resultat frå ulike medverknadsprosessar og andre relevante dokument er tilgjengeleg under.

Kommuneplanen sin samfunnsdel - prosess

Animasjonsfilmar

Det lokale animasjonsselskapet Raindog Studios har på oppdrag frå Volda kommune produsert fem animasjonsfilmar knytt til kunnskapsgrunnlaget og planarbeidet. 

Kva trur du vi samskaper om i framtida? 

Sjå filmen Samskapingskommunen

Kva er det som gjer at du trivst i lokalmiljøet ditt? 

Sjå filmen Bærekraftige lokalsamfunn

Korleis kan vi redusere klimagassutslepp i vårt lokalmiljø? 

Sjå filmen Stoppe klimaendringane

Korleis kan ditt nærmiljø bli ein enda betre stad å bu og vekse opp? 

Sjå filmen God oppvekst

Kva meiner du er viktig for å utvikle eit aldersvenleg samfunn? 

Sjå filmen God helse og livskvalitet

Innspel frå næringslivet
Innspel frå lag og organisasjonar
Innspel frå grendalaga
Lokaldemokratiundersøking

Stort sett nøgde med lokaldemokratiet

KS har på oppdrag frå Volda kommune gjennomført ei lokaldemokratiundersøking i kommunen. Resultata viser at både dei folkevalte og innbyggjarane stort sett er meir fornøgde enn misfornøgde med dei fleste sidene ved lokaldemokratiet. Gunnar Bendixen frå KS presenterte resultata frå lokaldemokratiundersøkinga for kommunestyret 25. november 2021.

KS Lokaldemokratiundersøking - Resultat  

KS Lokaldemokratiundersøking - Resultat innbyggjardelen Volda 2021 (PDF, 174 kB)

Presentasjon resultat lokaldemokratiundersøkinga (PDF, 3 MB)

Tilflyttarar og tilbakeflyttarar

I samarbeid med studentar frå Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda er det gjennomført ei medverknadsprosess med "tilflyttarar og tilbakeflyttarar". Hausten 2021 intervjua studentar tilflyttarar og tilbakeflyttarar i Dalsfjorden og i Austefjorden. I tillegg vart det laga ei digital spørjeundersøking, som vart publisert på kommunen si heimeside og i sosiale media. 102 personar svarte på undersøkinga.

Eit av måla med prosjektet var å vite meir om korleis tilflyttarar og tilbakeflyttarar opplever Volda kommune som stad å bu. Kva er bra og kva kunne vore betre, for at Volda skal bli ein meir attraktiv stad å bu? Kva kan vi som bur her gjere for at fleire skal ynskje å flytte hit?  

Studentane sine presentasjonar kan du sjå her:

Spørjeundersøking tilflyttarar og tilbakeflyttarar (PDF, 945 kB)

Intervju tilflyttarar og tilbakeflyttarar Dalsfjorden (PDF, 555 kB)

Intervju tilflyttarar og tilbakeflyttarar Austefjorden (PDF, 2 MB)

Samling med kommunestyret

02.09.2021 hadde kommunestyret ei dagssamling knytt til kommuneplanarbeidet. Resultat frå individuelle oppgåver og gruppeoppgåver som vart gjennomført på samlinga er samla i dokumentet under.

Samling med kommunestyret. (PDF, 5 MB)