Bustadtomter Engeset/Klepp

I K10 er det ledig 1 – tomt nr. 3 – einebustadtomt. Dette er siste bustadtomta i utbyggingsområdet Engeset/Klepp.   Bustadfelt er sørvendt og ligg høgt og fritt ovanfor Volda sentrum. Midt mellom fjell og fjord, og med unike moglegheiter for friluftsliv. 

Størrelsen på tomta er 938 m2 og pris pr. 01.02.21 er kr. 930.844,-.  Prisen vert indeks-regulert etter gjeldane konsumprisindeks.  I tillegg kjem eingongsgebyr for tilkopling av vatn og kloakk.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Kontakt

Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Telefon 70 05 87 40