Bustadtomter Fannemel

Bustadtomter Fannemel

Fannemel bustadfelt ligg sørvendt ved  Fv 60 gjennom Hornindal mot Hornindal skisenter og kommunegrensa mot Stranda kommune.  Feltet er delvis utbygd og har no 3 ledige einebustadtomter.   Bustadfelt ligg om lag 3 km frå Grodås sentrum med fine friluftsmoglegheiter i nærområdet.  Det er ca. 3 km til Hornindal skisenter som ligg i eit område med fine turmuligheiter både vinter og sommar.

Tomteprisen pr. tomt er kr. 177.725,-  pr. 01.02.22.  Prisen vert indeks-regulert etter gjeldane konsumprisindeks.  I tillegg kjem oppmålingskostnader og tinglysing av matrikkelbrev og eingongsgebyr for tilkopling av vatn og kloakk.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument