Kirkhornbakkane ligg vest/sørvest vendt til med fin utsikt over Hornindalsvatnet. Bustadfeltet ligg sentralt og med flotte friluftsmoglegheiter i nærområdet.
Frå bustadfeltet er det gangveg til sentrum og ligg nær skule og barnehage.
Tomteprisen for tomter regulert til einebustadar er 197,85,- per kvadratmeter i 2026. Prisen indeksregulerast årleg frå 1. januar i tråd SSB sin konsumprisindeks. Prisen er ikkje gjenstand for meirverdiavgift/moms.
Utover tomtepris må kjøpar i tråd med Volda kommune sine til ei kvar tid gjeldande satsar betale kostnadar knytt til oppmåling, tinglysing av skøyte og målarbrev, samt tilkopling til vatn- og avløpsanlegg.
Tomteprisen for tomter regulert til konsentrert utbygging fastsetjast gjennom eiga verdivurdering som innhentast i samband med sal.
Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.
Korleis søkjer eg om tomt?
For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.
Korleis kan eg bygge på tomta?
Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.
Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.
Nyttige dokument
Reglar for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt(PDF, 249 kB)
Pris for kommunale bustadfelt (PDF, 6 MB)