Bustadtomter Løvland

Bustadtomter Løvland

Løvland ligg vest/sørvest vendt til med fin utsikt over Hornindalsvatnet og i tilknytning til  bustadfeltet Kirkhornbakkane. Bustadfeltet ligg nær skule og banehage. Det er gangveg til sentrum, og flotte friluftsmoglegheiter i nærområdet.

Tomteprisen er 924,- per kvadratmeter for tomter regulert til einebustadar og 1.484,56,- for tomter regulert til konsentrert utbygging i 2026. Prisen indeksregulerast årleg frå 1. januar i tråd SSB sin konsumprisindeks. Prisen er ikkje gjenstand for meirverdiavgift/moms.

Utover tomtepris må kjøpar i tråd med Volda kommune sine til ei kvar tid gjeldande satsar betale kostnadar knytt til oppmåling, tinglysing av skøyte og målarbrev, samt tilkopling til vatn- og avløpsanlegg.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Reglar for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt(PDF, 249 kB)

Pris for kommunale bustadfelt (PDF, 6 MB)