Bustadtomter på Bratteberg

Bustadtomter på Bratteberg

Bratteberg-området har siste åra hatt mykje nyetablering, og er eit populært område å bo i. Området er sørvendt og har sol heile året, og med utsyn mot Rotevatnet, Rotsethornet, sentrum og fjorden. 

I gangavstand frå området finn ein Bratteberg skule 1.-7.  Friluftsbarnehagen Hjellbakkane barnehage og  Bratteberg barnehage ligg også i området. Stoppestadar for ringruta, med gode bussforbindelse til sentrum er også i området. Flotte friluftsmoglegheiter og kort avstand til skisenteret på Reset, er ein lett kan nytte skia heilt til stovedøra.

Tomteprisen er 530,87,- per kvadratmeter i 2026. Prisen indeksregulerast årleg frå 1. januar i tråd SSB sin konsumprisindeks. Prisen er ikkje gjenstand for meirverdiavgift/moms.

Utover tomtepris må kjøpar i tråd med Volda kommune sine til ei kvar tid gjeldande satsar betale kostnadar knytt til oppmåling, tinglysing av skøyte og målarbrev, samt tilkopling til vatn- og avløpsanlegg.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Reglar for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt(PDF, 249 kB)

Pris for kommunale bustadfelt (PDF, 6 MB)