Bustadtomter på Gjerdeplassen på Fyrde

Bustadtomter på Gjerdeplassen på Fyrde

Bustadfeltet på Fyrde i Austefjorden er solrikt og  sørvendt  og med fantastisk utsikt. Midt mellom fjell og fjord, og med unike moglegheiter for friluftsliv. Austefjorden har også mange aktive lag og foreininga. Med bil kjem du til Volda sentrum på 15 min. og om lag same tid treng du til Grodås på den nye Kvivsvegen.  God forbindelse med kollektivtransport dageleg i nærområdet frå Geitvika til Volda og mot Stryn-området. Både dag og nattbussar til Oslo går her.

Tomteprisen er 244,75,- per kvadratmeter i 2026. Prisen indeksregulerast årleg frå 1. januar i tråd SSB sin konsumprisindeks. Prisen er ikkje gjenstand for meirverdiavgift/moms. Kvadratmeterprisen er lik for tomter regulert til einebustad og til konsentrert utbygging. 

Utover tomtepris må kjøpar i tråd med Volda kommune sine til ei kvar tid gjeldande satsar betale kostnadar knytt til oppmåling, tinglysing av skøyte og målarbrev, samt tilkopling til vatn- og avløpsanlegg.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Reglar for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt(PDF, 249 kB)

Pris for kommunale bustadfelt (PDF, 6 MB)