Bustadtomter på B 58 - Øvre Heltne

Bustadtomter på B 58 - Øvre Heltne

Kommunen har starta utbygginga av Øvre Heltne der det skal kome 26 bustadtomter og 4 tomter for konsentrert utbygging.

1. byggesteg gjeld tilkomstveg og teknisk anlegg til 5 tomter for einebustadar, ei tomt for fleirmannsbustader og eit leikerareal.

Teknisk anlegg her er no nesten ferdig, og vi reknar med å legge tomtene ut for sal i november/desember 2023.

I tillegg skal delar av Bjørnevegen med teknisk anlegg oppgraderast for framtidig utbygging i området.

Anleggsstart i midten av januar 2023, og planlagt ferdigdato er 31.08.2023. Tomtene vert mest truleg lagt ut for sal på seinsommaren. Det er ikkje høve til å reservere tomt. 

Bustadfeltet ligg i området ovanfor Heltne Bratteberg II og på nedsida av vegen til Volda vassverk sitt høgdebasseng.   Bratteberg-området har siste åra hatt mykje nyetablering, og er eit populært område å bo i.

B58 – Øvre Heltne er sørvendt og har sol heile året, og med utsyn mot Rotevatnet, Rotsethornet,  sentrum og fjorden. 

I gangavstand frå området finn ein Bratteberg skule 1.-7.  Friluftsbarnehagen Hjellbakkane barnehage og  Bratteberg barnehage ligg i området.  Stoppestadar for ringruta, med gode bussforbindelser til sentrum er også i området.  Flotte friluftsmoglegheiter og kort avstand til skisenteret på Reset, som gjer at ein lett kan nytte skia heilt til stovedøra heime.

 

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Kontakt

Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Mobil 90 03 80 35