Bustadtomter på Steinhaugen

Bustadtomter på Steinhaugen

Steinhaugen bustadfelt ligg på Folkestad. Bustadfeltet ligg nordvendt, ca. 1 km frå ferjekai. På Folkestad er det skule, barnehage, butikk og omsorgsbustadar m.m. Feltet ligg fint til midt mellom fjell og fjord, og med unike moglegheiter for friluftsliv og med gangavstand til det populære turmålet Galten.

Tomteprisen er 221,45,- per kvadratmeter i 2026. Prisen indeksregulerast årleg frå 1. januar i tråd SSB sin konsumprisindeks. Prisen er ikkje gjenstand for meirverdiavgift/moms.

Utover tomtepris må kjøpar i tråd med Volda kommune sine til ei kvar tid gjeldande satsar betale kostnadar knytt til oppmåling, tinglysing av skøyte og målarbrev, samt tilkopling til vatn- og avløpsanlegg.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Reglar for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt(PDF, 249 kB)

Pris for kommunale bustadfelt (PDF, 6 MB)