Bustadfeltet på Straumshamn ligg nord/nordvest vendt og med utsikt over Kilsfjorden.
Tomteprisen er 165,12,- per kvadratmeter i 2026. Prisen indeksregulerast årleg frå 1. januar i tråd SSB sin konsumprisindeks. Prisen er ikkje gjenstand for meirverdiavgift/moms.
Utover tomtepris må kjøpar betale grunnpris til grunneigar (Volda kommune eig ikkje grunnen sjølv) og kostnadar knytt til oppmåling, tinglysing av skøyte og målarbrev og tilkopling til vatn- og avløpsanlegg i tråd med Volda kommune sine til ei kvar tid gjeldande satsar.
Grunnprisen er 32,69,- per kvadratmeter i 2026 og betalast til kommunen som gjer opp med grunneigar.
Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.
Korleis søkjer eg om tomt?
For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.
Korleis kan eg bygge på tomta?
Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.
Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.
Nyttige dokument
Reglar for tildeling av tomter i kommunale bustadfelt(PDF, 249 kB)
Pris for kommunale bustadfelt (PDF, 6 MB)