Pressemelding - Rår til at Volda kommune utset Helseplattformen

Pressemelding - Rår til at Volda kommune utset Helseplattformen

Til tross for at det frå kommunar som har innført systemet melder om fleire positive effekter, og at HelsaMi-appen gir positiv gevinst for innbyggjarane, synest det framleis å vere for mange ukjende faktorar til at kommunedirektøren kan tilrå innføring av Helseplattformen no.

Rår til at Volda kommune utset Helseplattformen

Til tross for at det frå kommunar som har innført systemet melder om fleire positive effekter, og at HelsaMi-appen gir positiv gevinst for innbyggjarane, synest det framleis å vere for mange ukjende faktorar til at kommunedirektøren kan tilrå innføring av Helseplattformen no.

 

Kva er Helseplattformen

Helseplattformen er eit felles journalsystem med mål om å skape betre samhandling, kvalitet og pasienttryggleik. Første fasen starta ved St. Olavs hospital og Trondheim kommune i april 2022. For å ta i bruk Helseplattformen, må kommunane signere ei tenesteavtale med Helseplattformen AS som er eit offentleg-offentleg samarbeid mellom helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg. Kommunar som tek i bruk Helseplattformen må samtidig kjøpe aksjar i dette selskapet som skal drifte og utvikle systemet. Kommunedirektøren stiller også spørsmål ved modellen der vi skal eige i driftsselskapet, og vere delaktig i ansvaret for å drifte og utvikle systemet som er eigd av selskapet EPIC. Ved å gå inn på Helseplattformen vert kommunen knytt til eit bestemt system i lang tid framover og har mindre fleksibilitet til å velje andre system. Da er det i så fall viktig at usikkerheitsfaktorane kan reduserast, slik at ein kan vere trygg på at Helseplattformen vil vere det rette valet.  

Systemet er under utvikling

Kommunedirektøren opplever at systemet framleis er under utvikling. Dette gjeld mellom anna legemodulen, og det vert registrert at det meldt inn behov for forbetringar eller feil som må rettast. Det kan ta tid før vi får ei fullstendig evaluering av korleis Helseplattformen  fungerer. Riksrevisjonen og Datatilsynet skal inn med tilsyn og gjere sine vurderingar. Erfaringar frå andre kommunar tilseier at systemet er komplisert, og at det krevst god digital modenheit i organisasjonen for å kunne ta i bruk eit slikt system. Det er også usikkerheit rundt Helseplattformen AS sin kapasitet til å følgje opp dei kommunane som går på no, når mykje av kapasiteten til selskapet vert bunden opp i feilrettingar i sjukehusa.

 

Kan innføringsprosessen i sjukehusa få konsekvensar?

Det ser ut til at sjukehusa i Møre og Romsdal skal på no. Innføringsprosessen vil verte krevjande for sjukehusa, der dei må ta fast personale ut i opplæring og produktiviteten er varsla å gå ned i innføringsfasen. Det er grunn til å tru at pleie- og omsorgstenestene i kommunane vil få meirbelastning i denne perioden, og at belastninga samla sett ville verte for stor om Volda kommune skulle starta førebuing på innføring av Helseplattformen samtidig med sjukehusa går på. Kommunedirektøren er også uroleg for at innføringa av Helseplattformen i sjukehusa i Møre og Romsdal er underfinansiert, og at dette kan få konsekvensar for drifta av Volda sjukehus.

 

Helseplattformen - eit statleg initiativ med forventa kommunal deltaking

Da prosjektet med felles system for helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg starta opp etter initiativ frå Helse Midt-Norge RHF var det gitt at kommunane i regionen skulle vere ein del av dette offentleg-offentleg innkjøpssamarbeidet. Denne felles løysinga fekk namnet Helseplattformen med det amerikanske selskapet Epic som systemleverandør. Epic vart valt som systemleverandør etter ei omfattande konkurranse der fleire leverandørar la inn anbod, m.a Dips som er det systemet som dei andre helseforetaka i landet nyttar. Helseplattformen  fekk statleg pilotstatus og staten har også lagt til grunn at helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg skal ta i bruk Helseplattformen. Kommunane har inngått opsjonsavtale og rigga seg for at vi skulle ta i bruk dette systemet.

Ny nasjonal strategi frå store system til stegvise løysingar

Kommunedirektøren legg også vekt på regjeringa sin nye strategi for digital tenesteutvikling i helse- og omsorgstenestene. Regjeringa la nyleg fram stortingsmeldinga Nasjonal helse- og samhandlingsplan, der strategien «En innbygger – en journal» vert erstatta med ein strategi der dei går stegvis fram og hentar ut gevinstar under vegs.

Ikkje tilfredsstillande løysing i dag

Den kommunale helse- og omsorgstenesta står overfor store berekraftsutfordringar, med ein pressa kommuneøkonomi og mangel på helsepersonell. Vi må jobbe annleis, og digitale løysingar og smart teknologi må takast i bruk som ein del av svaret. Sentralt står behovet for å betre journalløysingane i kommunane på våre premissar. Vi må også få på plass samhandlingsløysingar som gjer det enklare å dele informasjon mellom dei ulike tenesteområda i kommunen, med spesialisthelsetenesta og kommunikasjon med brukarane. Dette får vi ikkje til med dei isolerte systema vi brukar i dag. Helseplattformen er meint å vere eit svar på dette. Med bakgrunn i regjeringa sin nye strategi har regjeringa og KS inngått samarbeidsavtale for å leggje til rette for vi får styrka digital samhandling og raskare innføring av helseteknologi. Det er grunn til å tru at det vil skje ein del framover, og dette samarbeidet er meint å  danne grunnlag for at marknaden kan levere samhandlingsløysingar for dei som ikkje nyttar Helseplattformen.

 

Bruke ventefasen til å førebu oss

Vi må innstille oss på digital omstilling også i helse- og omsorgstenestene. Uansett kva system vi vel, vil dette verte ei formidabel omstilling der vi endrar arbeidsprosessane og må forhalde oss meir aktivt til eksterne samarbeidspartar. Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at Volda kommune bør bruke tida godt til å skaffe seg oversikt over kva som skjer med Helseplattforma framover, samt kva som vil skje i marknaden, og kome attende med ei vurdering av kva som er den mest tenlege løysinga for Volda kommune. Han seier vidare at det er viktig å satse på grunnleggjande IT-opplæring for dei tilsette i helse- og omsorgs-tenestene, slik at dei er best mogleg skodd for ein omfattande digital omstillingsprosess uansett kva journalsystem kommunen skulle lande på. 

 

Utfordrar helseministeren

​Kommunedirektøren meiner at helsemyndigheitene legg unødvendig stor belastning på kommunane når den enkelte kommune nærast skal eksperimentere og utvikle eit eige journalsystem.  Helsemyndigheitene burde gripe tak i dette da Helse Midt-Norge RHF meldte behov for nytt fagsystem og måtte ut i ei offentleg anbodskonkurrande. Myndifheitene kunne da laga ein samla plan på korleis elektronisk pasientjournal skulle løysast for helsetenesta i heile landet. Helseplattformen fekk status som pilot basert på tidlegare regjering sin nasjonale strategi – «En innbygger – en journal» - som dagens regjering har erstatta med ein strategi for digitalisering der en går stegvis fram og hentar ut gevinstar undervegs. Kommunedirektør Rune Sjurgard utfordrar helseministeren til å avklare kva denne nye strategien betyr for Helseplattforma og for kommunar i Midt-Noreg som ev ikkje tek i bruk helseplattformen. Vert helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg  overlatt til seg sjølve, medan resten av helse-Noreg vert støtta når dei skal innføre den nye strategien som regjeringa no har lagt seg på? 

 

​Helseministeren er den øvste ansvarlege for at sjukehusa har forsvarlege tenester og forvaltar ressursane berekraftig. Korleis IT-systema ved sjukehusa fungerer er ein del av dette.  

Brei og involverande prosess

Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at administrasjonen i Volda kommune har hatt ein grundig og brei prosess for å utgreie kva standpunkt ein skal ta i saka. Vi har lytta til Helseplattformen AS som leverandør, kommunar som har teke i bruk systemet, Helse Møre og Romsdal HF, offentleg tilgjengelege rapportar som har vurdert Helseplattforma, erfaringar frå pasientbrukarorganisasjonar, tverrfagleg kunnskap internt i kommunen, den interkommunale legevakta, fastlegane og arbeidstakarorganisasjonane i Volda kommune.

 

Risiko

Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at dette er ei kompleks sak der det vil vere usikre faktorar knytt til alle alternativa: seie ja, seie nei eller utsetje. 

 

 

Helseplattformen
Tittel Type Storleik
Avklaring om Volda kommune skal signere tenesteavtale for Helseplattforma.pdfPDF17 MB
Vedlegg 01 Dokumentasjons- og samhandlingsløsninger i helse- og omsorgssektoren Stjørdal.pdfPDF3 MB
Vedlegg 02 Status innføring Helseplattformen Levanger - oppdatering pr. oktober 2023.pdfPDF9 MB
Vedlegg 03 Rapport medarbeiderundersøkelse om innføring av Helseplattformen Trondheim kommune.pdfPDF2 MB
Vedlegg 04 Oppsummering av ringerunde til kommuner som nyttar Helseplattformen.pdfPDF2 MB
Vedlegg 05 Økosystem vs. Plattform.pdfPDF2 MB
Vedlegg 06 Selskapet sin struktur og økonomiske styringslinjer.pdfPDF2 MB
Vedlegg 07 Kostnad.pdfPDF462 kB
Vedlegg 08 Uttale frå kommuneoverlegen Volda.pdfPDF2 MB
Vedlegg 09 HP notat frå legevakta.pdfPDF1015 kB
Vedlegg 11 Foreløpig tilsynsrapport Verdal.pdfPDF8 MB
Vedlegg 12 Arbeidet med å bedre kommunenes journalsystemer og samhandlingsløsninger- KS.pdfPDF3 MB
Vedlegg 13 Felles rammer og anbefalinger for anskaffelser av journalløsninger v10 - KS.pdfPDF6 MB
Vedlegg 14 Underlag felles journalløft til Volda kommune - KS.pdfPDF2 MB
Vedlegg 15 SSIKT_Kostnadsestimat EPJ utanfor Helseplattformen.pdfPDF486 kB
Vedlegg 16 Helseplattformen Prisjustert KI3 2024 Volda.pdfPDF49 kB
Vedlegg 17 Uttale frå representant NFU fylkeslag i Møre og Romsdal Helseplattformen.pdfPDF2 MB
Vedlegg 18 231023 Helseplattformen vedtak regionalt brukerutvalg innføring HMR.pdfPDF194 kB
Vedlegg 19 Sak 115-23 Uttalelse Helseplattformen - fra BUene i Midt-Norge.pdfPDF511 kB
Vedlegg 20 Brukerutvalget helse midt-norge Sak 129 Innføring HMR.pdfPDF949 kB
Vedlegg 21 Status HP 310124.pdfPDF135 kB
Vedlegg 22 Vedtak økonomiske konsekvenser av utsettelse av innføring kommuner HPAS.pdfPDF785 kB
Vedlegg 23 Møteprotokoll Ekstraordinært styremøte HPAS.pdfPDF2 MB
Vedlegg 24 Presentasjon av Tjenesteavtale.pdfPDF12 MB
Vedlegg 25 Sak 19.22 Tjenesteavtaler for kommuner og helseforetak.pdfPDF296 kB
Vedlegg 26 Sak 19.22 Vedlegg Hoveddokument (ferdig forhandlet).pdfPDF2 MB
Vedlegg 27 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 1 Helseplattformen som tjeneste (ferdig forhandlet).pdfPDF10 MB
Vedlegg 28 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 2 Tjenestenivå (ferdig forhandlet).pdfPDF2 MB
Vedlegg 29 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 3 Faglig beslutningsstruktur (ferdig forhandlet).pdfPDF3 MB
Vedlegg 30 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 4 Samhandling og administrative bestemmelser (ferdig forhandlet).pdfPDF3 MB
Vedlegg 31 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 5 Samlet pris og prisbestemmelser kommune (ferdig forhandlet) - SLAD.pdfPDF5 MB
Vedlegg 32 Sak 19.22 Underbilag 5.1 - Kostnadsfordelingsnøkler for kommuner (ekskl. Trondheim kommune).pdfPDF2 MB
Vedlegg 33 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 6 Endringer (ferdig forhandlet).pdfPDF3 MB
Vedlegg 34 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 7 Behandling av personopplysninger (ferdig forhandlet).pdfPDF924 kB
Vedlegg 35 Sak 19.22 Underbilag 7.1 - Varsel om vedtak - Helseplattformen og dataansvar.pdfPDF555 kB
Vedlegg 36 Sak 19.22 Underbilag 7.2 - Prinsipper for tilgang til journalinnhold i Helseplattformen v1.0.pdfPDF12 MB
Vedlegg 37 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 8 Arkivering (Ferdig forhandlet).pdfPDF2 MB
Vedlegg 38 HP Uttale frå fastlegane i Volda.pdfPDF72 kB
Vedlegg 39 Uttale frå HTV i Volda kommune om Helseplattformen 210324.pdfPDF879 kB